Jens Øien Kloster på plass i målområdet under O-festivalen i Bærum. Foto: Privat. 

Jens Øien Kloster på O-festivalen i Bærum

Då Norsk O-Festival gjekk av stabelen i Bærum i helga som var, stilte den lettbeinte Fitjar-løparen Jens Øien Kloster på startstreken.

 

Jens konkurrerer i 16-årsklassen og er den kjappaste o-løparen me har i Fitjar for tida. Han var den einaste frå klubben sin som reiste, medan to mann frå Stord var med, Kenneth og Jørgen Westerheim. Sjølv reiste Jens saman med ein konkurrent frå Bergen, Stian Rykkje, og kom heim måndag kveld etter å ha køyrt over fjellet.

 


Jens Øien Kloster spurtar mot mål. Foto: Privat. 

Det er ikkje første gongen Jens er med i O-festivalen i orientering, han var med for to år sidan òg. Jens stilte opp i tre løp, sprint, mellom og lang løype, og gjorde det rimeleg bra, sjølv om han hadde håpt å gjera det litt betre. Med plasseringane 26, 27 og 34 var han noko lunde midt i køen, eit stykke bak vinnarane. 

O-festivalen gjekk av stabelen i Bærum, og Fossum IF var arrangør. I den 2230 meter lange sprintløypa blei Jens Øien Kloster nummer 34 av 50 deltakarar med tida 15,38, som var 3 minutt og 40 sekund bak vinnaren Magnus Eide-Fredriksen frå Heming Orientering. 

I den lange løypa – på 5550 meter – blei Jens nummer 27, blant 44 deltakarar. Med tida 1.17,40 var han nesten 34 minutt bak vinnaren, Kornelius Kriszat-Løvfald frå Nydalens SK. 

Den beste plasseringa si fekk Jens i den mellomlange løypa, der han blei nummer 26 med tida 49,21, og var vel 20 minutt bak vinnaren. Jens vedgår at han ikkje er heilt fornøgd med resultatet. Han hadde håpt å gjera det litt betre, men det var tøff kamp.

– Eg hadde nokre bom som eg ikkje burde ha hatt, seier han, men eg gjorde det beste eg kunne der og då!

Me må leggja til at alle dei beste i Jens sin årsklasse deltok, så det var eit tøft selskap å hevda seg i. 

Om løypene i Bærum seier Jens at dei er om slik han er van med heimanfrå, sjølv om terrenget austafor er litt opnar enn hos oss. 

Jens fortel at O-festivalen berre nesten er årets høgdepunkt for han – den viktigaste konkurransen kjem først i august når han skal springa Hovedløpet i Kristiansand.

Offisiell resultatliste for Norsk O-Festival finn du på denne linken http://eventor.orientering.no/Press.

 


Jens Øien Kloster studerer kartet etter løpet. Foto: Privat.