Elena Bukkøy Rydland, stolt representant for den unge generasjonen fotballspelarar i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. 

Startar ferien med TINE fotballskule

Tradisjonen tru skipar fotballgruppa i Fitjar Idrettslag til fotballskule i byrjinga av skuleferien, og gråvêret la ingen dempar på stemninga då fotballskule begynte i dag.

 

I år er det 17. året på rad fotballfolket tilbyr fotballskule som start på skuleferien. Og interessa var bra denne gongen òg. I fjor tok over 100 unge imot dette «SFO-tilbodet» frå fotballgruppa, men i år stoppa talet på 78 barn frå 1. til 7. klasse. Som vanleg var rundt 20 ungdommar frå 15 år og oppover engasjerte som instruktørar.

 


F.v. Markus Gerhardsen, Daniel Skarpnes og Øyvind Fluge Rydland går på vidaregåande skule og er blant dei dyktige instruktørane. Elias Tislevoll t.h. er ung nok til å vera deltakar. Foto: Kjetil Rydland.

 

Dei flinke ungdommane hadde god kontroll på dei unge håpefulle i dag. Men dei hadde god støtte av rutinerte fotballfolk som Rune Brakedal, Arild Træet og A-lagskeeper Ruben Træet, som var med dei ute på feltet.

I klubbhuset styrte Kari Steinsland Vik «ståket» med fruktservering, kaffi til dei vaksne og utdeling av fotballeffektar til dei unge og håpefulle. Før dei gjekk heim i dag, fekk alle kvar si T-skjorte og ein sekk med TINE-logo på. Og siste dagen får alle fotball og diplom. I dag hadde Kari med seg Birte Steinsland og Sigbjørg Vestbøstad i komiteen. Ho fortel at minileiar Gro Hatlevik, Ane Synnøv Haaland Olsen og Gunn Evy Henriksen har vore med på organiseringa.

Måndag morgon var det litt regn i lufta, men det letta etter kvart. Som i fjor gjekk dei største ned på kunstgrasbanen, medan dei minste blei igjen på graset. Det er praktisk å ha to banar i rimeleg nærleik. 

I dag var det ulike øvingar og litt spel innimellom. Fotballskulen blir avslutta onsdag med tradisjonelt cupspel. Deltakarane blir trekte ut på lag med kjende namn som Liverpool, Rosenborg og Brann, og då bryggjar det opp til mange prestisjefulle duellar!

 

 


Kjetil Andreas Gloppen, ung og lovande fotballspelar i Fitjar-drakt. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Gard og Bjart Sandvik Bø med T-skjorte og sekk etter første dag av fotballskulen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Her har A-lagskeeper Ruben Træet stengt buret. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Dei som har bomma på straffespark, kan venta seg ein ball i baken. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Kasper Fitjar i aksjon som keeper på kunstgraset. Foto: Kjetil Rydland.