Her er slektningane samla i Fitjar bedehus, heile 61 etterkomarar møtte fram til slektsstemnet laurdag ettermiddag. Foto: Privat. 

Slektsstemne for etterkomarane etter Signy og Lars Vik

Laurdag ettermiddag heldt etterkomarane til Signy og Lars Vik slektsstemne i Fitjar bedehus, og god mat og underhaldning sørgde for topp stemning.

Mange av slektningane hadde ikkje sett kvarandre på 20 år, og det var stor gjensynsglede då dei møttest igjen på Fitjar bedehus i går ettermiddag. Og ein del av dei hadde naturleg nok aldri sett kvarandre før, for dei har ikkje fylt 20 år enno. Tremenningane som er oldebarna til Signy og Lars Vik frå «Nytun» på Tveita, møttest for aller første gong på Fitjar i helga. 

Konferansier under gårsdagens samkome var Sigurd André Maraas, og festkomiteen bestod av det yngste barnebarnet frå kvar grein. Cecilie Elisabeth Vestbøstad er dotter til Hanna Vestbøstad, Margit Katrine Vik er dotter til Gunnar Vik, som bur på Finnøy, og Martha Linn Maraas er dotter til Gunnbjørg Kristin Vik. 

Signy (1913-1979) fødd Aarbø og Lars J. Vik (1909-1993) budde på Tveita og fekk fire born. Både Hanna, Gunnar og Gunnbjørg var til stades på stemnet, med sine etterkomarar, som er barnebarn, oldebarn og tippoldebarn til Signy og Lars Vik. Det var ein bror til i søskenflokken, Jostein Kåre Vik, men han døydde i 1988, berre 38 år gammal.

Nettopp Jostein var før si tid når det gjaldt film, og på slektsstemnet blei det vist film som han tok på 1970- og 80-talet. Opphavleg var dette 8 mm smalfilm, men filmane har naturlegvis blitt digitaliserte for lengst. Filmstunda var eit stemningsfullt høgdepunkt på bedehuset i går. Det same var litlajulafto i «Nytun» på Tveita i barndommen, fortel Sigurd André Maraas. Då pla storfamilien samlast, og Jostein tok film!

Innimellom mykje god mat, mora slektningane kvarandre med musikk, rollespel og anna underhaldning. 

– Det har vore kjempekjekt for alle, seier Martha Linn i komiteen.

Skal me våga tippa at dei ikkje lar det gå 20 år til neste slektsstemne? 

 


Dei tre barna til Signy og Lars Vik, Gunnbjørg, Gunnar og Hanna, saman med festkomiteen, Martha Linn Maraas, Margit Katrine Vik og Cecilie Elisabeth Vestbøstad. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Festkomiteen underheld forsamlinga med musikk. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Sigurd André Maraas er forteljar i rollespelet om Pillarguri. Her er det Skitne Sigurd (Bjarte Maraas) som løftar hovudpersonen (Lovise Vestbøstad) høgt til vêrs. Foto: Kjetil Rydland.