Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek.

Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei vekes tur med tog og bil neste torsdag.

 

På veg og skjener

I dag starta samferdsleslministeren på ein tur der han skal innom åtte fylke.

– Årets sommarkontor går på skjener og veg frå 22. til 28. juni, heiter det i ei pressemelding frå samferdelsdepartementet.

I løpet av desse dagane skal Ketil Solvik-Olsen reisa med Solørbanen, Rørosbanen og Raumabanen. Han vil køyra Atlanterhavsvegen og Trollstigen og sjå på vegprosjekt langs riksveg 70, E39, E16, E136 og E134.

Batteridrivne ferjer og bygging av miljøvennlege skip står også på programmet. 

 

Kort besøk på Fitjar Mekaniske Verksted

Torsdag vil statsråden køyra E39 og sjå nærmare på blant anna utbyggingsprosjektet Svegatjørn-Rådal mellom Os og Bergen. Det er også lagt opp til besøk på Fitjar Mekaniske Verksted, som no bygger nye skip for Kystverket. 

Herfrå går turen med bil til Notodden på E134 før det blir testing av Bratsbergbanen til Skien. Etter planen blir turen avslutta i Oslo ved midnattstider.

 

– Eg gler meg

– Det er viktig for meg å vera ute der samferdsel faktisk skjer. Å sjå utbyggingsprosjekta med eigne auge og snakka med dei som utfører arbeidet, gir meg verdifulle innspel som eg tar med meg vidare i arbeidet mitt frå kontoret. Det samme gjeld erfaringa eg får ved sjølv å køyra på vegane og oppleva togstrekningane som passasjer.

Men aller viktigast er det å snakka med folk og høyra om reisekvardagen deira. Ei veke på vegen – og togskjenene – er derfor gull verdt. Eg gler meg, seier samferdselsministeren.