Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH. 

Hatlevikbasaren

Laurdag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

 

Hatlevikbasaren er eit unikt kystkulturengasjement i Hatlevik i Fitjarøyane. Her er det god, gamaldags auksjon, song og musikk, tale og gratis mat og kaffi. Inntekta går til Betelskipet «Elieser 6» og Den indre Sjømannsmisjon. I år vert basaren arrangert 7. juli.

 

I år er vert det andakt ved Egil Larsen, og det vert song og musikk ved Fitjar ad Hoc. Halvard Møgster er auksjonarius også dette året.

 

Det går hurtigbåt både frå Rubbestadneset og frå Tømmervik (på vegen ned mot Skjersholmane). Retur til begge plassar etter at arrangementet er over.