Fitjar Skulekorps i toppform til NM 

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps!

Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

 

– Kjære venner av Fitjar Skulekorps, dette blir generalprøven før me reiser til Bergen for å konkurrera i NM, seier dirigent Svein Roger Koppang. Fitjar Skulekorps er no i toppform, og lovar ein flott konsert!

 

Dei skal spela «Jekyll & Hyde», som er komponert til Fitjar Skulekorps av Richard Rock. Stykket er inspirert av romanen «The Strange Case of Dr Jekyll and Mr Hyde» av den skotske forfattaren Robert Louis Stevenson. 

 

Dr. Jekyll, som er ein høgt ansett lege, eksperimenterer med å skilja dei gode og vonde karakterelementa i sin eigen person, og oppnår å inkarnera sine mest djevelske instinkt i ein skikkelse han kallar Mr. Hyde, og i denne skikkelsen begår han dei verste brotsverk. Stykket beskriv Jekyll, Hyde og konflikten mellom dei to – eit verkeleg flott stykke.

 

– Alle som vil heia oss fram til NM er hjarteleg velkomne – ta gjerne med deg familie, venner og andre interesserte, seier Svein Roger Koppang til slutt.