– Ikkje snakk ned kommunen vår!

Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik

Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i går, som vart innleia av flott musikkinnslag frå skulekorpset.

Det er tradisjon at siste kommunestyremøtet i kvart semester vert innleia med eit kunstnerisk innslag. Før jul er det kulturskulen som  framfører.

I dag, i følgje tradisjonen for juni-møtet, var det Fitjar Skulekorps som stilte opp. Dirigent Svein Roger Koppang hadde ni musikarar med seg. Dei spela fire musikkstykke, til stor applaus frå politikarane. Som takk for innsatsen fekk dei kvar sin buff med Fitjar-logo frå ordføraren.

Dagfinn Brekke, KrF, har fødselsdag i dag, og til ære for han spelte korpset Happy birthday to you!

Saklista var lang, med ikkje mindre enn 16 saker. Den viktigaste var naturleg nok revidert budsjett 2018. Fitjarposten refererte frå handsaming i formannskapet i sist veke. Då bad politikarane om meir spesifiserte opplysningar, slik at det vart lettare å gå inn i talmaterialet.

Gruppa frå Fitjar Skulekorps spelar. Foto: Harald Johan Sandvik

Til møtet i dag var alle detaljane lagde fram, og oversikta var god.

Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo innleia med detaljert informasjon: Det er viktig å forstå drivkreftene bak situasjonen. I saksutgreiinga er alle utfordringar i sektorane rekna med. Det er auka utfordringar nokre stader, andre stader kan det strammast inn, vakansar skal utnyttast, og all vikarbruk skal vurderast kritisk. Nokre inntekter aukar, til dømes eigedomsskatt på verk og bruk, på grunn av nye skatteobjekt. Havbruksfondet er ei ny inntekt, og som kjent er det knytt stor uvisse til kva inntekter det gir. I år er det budsjettert med 2,3 mill. Den største utfordringa der er at utbetalingar ikkje vert like frå år til år, og det er krevjande å budsjettera med ei inntekt i 2018 som kanskje vert mindre i 2019. Utgiftene vil vera dei same. Difor er utfordringane i økonomiplan 2018-2021 så store.

I dette bildet er det overordna viktig å oppretthalda reservane i planen og halda økonomisk balanse i drifta.

I år brukar kommunen eigedomsskatt og havbruksfond for å dekka inn mellom anna nasjonalt redusert skatteøre og auka pensjonskostnader.

At inntekter sviktar, er ein nasjonal trend. Hos oss må alle sektorar redusera sine budsjett, bortsett frå helse og omsorg. For skulesektoren er dei nye bemanningsnormene på barnehage og skule den store utfordringa.

Drifta må ned, og alle tiltak må vurderast. Her må det samspel til. Det er lett å berre snakka om pengar, men det er menneske bak alle tenestene, både brukarar og tilsette, sa rådmann Olaug Haugen til slutt.

Arne Prestbø, H, takka for grundig saksutgreiing både skriftleg og munnleg, og kom med framlegg til endring i budsjettet: Spesifiserte innsparingar på kr. 344.000 vert nytta til å halda bassenget på Rimbareid ope heile året og formelt finansiera kr. 120.000 til lysløype i Midtfjellet.

Agnar Aarskog, Ap, var uroa over overskridingar i første kvartal, og særleg over økonomisk sosialhjelp. Brukarane kjem ikkje ut i arbeid, dei vert passive.

Men hugs, ikkje snakk ned kommunen og økonomien! Me skal klara oss, og jobba med positivt forteikn. Det har vore større utfordringar tidlegare.

Grete Marit Veka Maraas, Sp, støtta Agnar i å snakka fram kommunen. Ho sjølv ville snakka ekstra fram Sælevik og Øvrebygda krinsar.

Harald Rydland, KrF, kom også med endringsframlegg. Det innebar ope basseng ut året, finansiering av lysløypa i Midtfjellet og ta inn att kr. 25.000 til bokkjøp på biblioteket.

Ordførar Wenche Tislevoll, H, støtta hovudtrekka i dei to framlegga, men rådde til gruppemøte for å verta samde om formuleringar.

Etter gruppemøtet vart eit felles framlegg slik:

Bassenget ope kr. 224.000, lysløypa kr. 120.000, bøker til biblioteket kr. 10.000, tilskot til lag og organisasjonar auka med kr. 10.000 = Sum kr. 364.000. Inndekning kr. 344.000 i spesifiserte innsparingar. Resten vert balansert ut som redusert overskot.

Framlegget vart samrøystes vedteke.