Betelskipet tilbake til Fitjar

 

Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

«Elieser 6» var på Fitjar, og det er litt spesielt at det kjem tilbake så fort. Men denne gongen passa det slik med reiseopplegget går det fram av Den indre Sjømannsmisjon sine nettsider.

Skipper om bord er Svein Ivar Olaussen. Han har tidlegare vore skipper på «Gann», men har no vore på Betelskipet ei tid. Også denne gongen er det Dagfinn Sandal som talar. Det vert elles mykje song og musikk, enkel servering og «minibasar.»