Alverflaten Jazzband med konsert i Fitjar kyrkje under Fitjarfestivalen 9. august. 

Variert haust med Temakveldgruppa i Fitjar kyrkje

Haustprogrammet for temakveldene i Fitjar kyrkje er klart, skriv Eli Simonsen, som kan lova ein variert haust i kyrkja.

 

Temakveldane i haust startar opp torsdag 9. august med konsert av Alverflaten Jazzband i Fitjar kyrkje. Eli Simonsen lovar svingande gladjazz, tradjazz, gospel og blues i ein konsert dei skipar til i samarbeid med Fitjarfestivalen.

 
I slutten av same månaden snakkar prest og forfattar Jostein Ørum om temaet «Hvem er vi når vi mislykkes?»

I september skal Fitjar kyrkjekor med Jan Overweg ha ei musikalsk vandring gjennom liturgien. «Gå i fred».

 
I oktober er me så heldige å få besøk av tidlegare fengselsprest ved Ila Kretsfengsel, Odd Cato Kristiansen, ein fantastisk formidlar, som vil snakka om «Møte med menneske på livets kant».

 
Fitjar kammerkor avluttar temakveldane i november saman med Gjertruds Sigøynerorkester og Britt Synnøve Johansen.

 
– Vi ser fram til ein spennande og variert haust i Fitjar kyrkje! skriv Eli Simonsen til slutt. 

 


Prest og forfattar Jostein Ørum.  


Fitjar kyrkjekor. 


Tidlegare fengselsprest ved Ila Kretsfengsel, Odd Cato Kristiansen.


Fitjar kammerkor. 


Gjertruds Sigøynerorkester og Britt Synnøve Johansen.