Oliver André Matre og Ailin Vik kan klara nokon ingen andre frå Fitjar Racing Team har klart, å bli vestlandsmeister i bilcross. Foto: Kjetil Rydland.

Oliver A. Matre og Ailin Vik jublar over topp innsats i Bergen. Foto: Kjetil Rydland. 

Bilcross i Bergen: Første- og andreplass til Fitjar

Oliver André Matre vann den fjerde runden i bilcross-VM i Bergen i helga, medan Ailin Vik blei nummer to i juniorklassen. Dermed vil begge ha vinnarsjansar samanlagt heilt til alt blir avgjort i september.

 

Fitjar Racing Team markerte seg igjen heilt i toppen i bilcross då fjerde runde i vestlandsmeisterskapet blei avvikla på Eikås Motorsenter i Åsane denne helga. Blant førarane våre som stilte til start var det som vanleg Oliver A. Matre i senior og Ailin Vik i junior som gjorde det best. Etter fire rundar kan me slå fast at dei vil bli med i kampen om VM-tittelen heilt til siste motorbrøl har stilna i Vikedal i september.

 


Oliver A. Matre jublar for siger i Bergen. Foto: Privat. 

I juniorklassen blei Ailin nummer to under søndagens A-finale, etter å ha vunne fem av seks innleiingsheat. Ho blei berre slegen av Jakob Hansen frå NMK Bergen, som no er komen opp på andreplass i samandraget, åtte poeng bak fitjarjenta. Ekstra gledeleg var det at Ailin ikkje miste bilen sin på bud etter løpet, slik ho har gjort fleire gonger før. Med bestebilen, ein Opel Astra med to liters motor, intakt stiller ho minst like sterkt i neste runde!

Oliver A. Matre gjekk heilt til topps i seniorklassen, og ligg no berre eitt poeng bak Marius Havre frå NMK Bergen, som leiar samanlagt etter fire rundar. Nemnde Havre blei nummer tre i Bergen denne gongen. Men om Oliver kunne jubla til slutt i Bergen, så kom han på ingen måte lett til sigeren. 

– Eg brukte opp uflaksen på laurdag, då bakdempar, hovudstraumbrytar, fjerdegir og differensial «øydela» tre av fire heat, seier han.

Og utan god hjelp av støtteapparatet hadde det ikkje blitt nokon suksess denne gongen. Han fortel at han – saman med gode hjelparar – var ferdig å overhala girkassen klokka halv tre natt til søndag. Laurdag morgon måtte han tidleg opp og montera den nyoverhalte girkassen i bilen. 

– Men me hadde eigentleg god tid då, smiler Oliver.

Etter to gode omgangar på søndagen fekk han nok poeng til siste spor i A-finalen. Der hadde Oliver sin dose flaks, som han uttrykkjer det sjølv, og vann den. Oliver rettar ein stor takk til alle som heldt bilen i drift, og han trekkjer spesielt fram Nils Ingmar Dalen, som køyrde eins ærend frå Fitjar til Bergen med delar til den havarerte girkassen. 

Neste runde i vestlandsmeisterskapen blir avvikla 8. september, då er det òg NMK Bergen som står som arrangør, på Eikås Motorsenter i Åsane. Det heile blir avgjort i den sjette og siste runden, som går av stabelen 16. september på Vikedal Motorbane. 

Alle førarane som har køyrt seks rundar, kan stryka den dårlegaste plasseringa si. Dermed kan me allereie no slå fast at Ailin Vik og Oliver A. Matre vil henga med i kampen om VM-tittelen heilt til siste målpassering. 

For Fitjar Racing Team vil det vera ei stor fjør i hatten om Ailin eller Oliver skulle gå heilt til topps. Det har nemleg aldri hendt før at ein førar herfrå har vunne vestlandsmeisterskapet i bilcross, opplyser nestor Ole Vidar Helland. 

 


Det går ofte hardt ut over bilen til Oliver. Foto: Privat.  


Dei to beste er ikkje åleine

Ole Lønning er ein annan lovande ungdom som stadig gjer det betre på motorbanen. I helga var han den aller jamnaste av alle, med berre tredjeplassar i alle løpa han deltok i. Etter å ha blitt nummer tre i alle seks innleiingsheata i juniorklassen nådde han C-finalen, og han blei nummer tre der òg! Det heldt til 11.-plassen samanlagt i Bergen. Eit resultat 10.-klassingen er særs fornøgd med. 

Ein annan nykommar av året er Joakim Strand. Det har ikkje gått heilt på skjener i bobla med volvomotor, men køyringa går stadig betre. Dessverre har det ein tendens til å ryka litt for mykje bak han, og han har fått tilnamnet «Fakkelen». Men etter det me forstår, har han ingen planar om å trappa ned satsinga. 

 


Oliver A. Matre, Ailin Vik og Ole Lønning med pokalar frå Bergen; «Fakkelen» Strand må førebels nøya seg med brusflaske. Foto: Kjetil Rydland.