Marius Pedersen (82) i fint driv på 600 meter i Strandebarm. Foto: Privat. 

Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebarm

Sju aktive friidrettsutøvarar frå Fitjar deltok denne helga på Hardanger friidrettsfestival i vakre Strandebarm. Dei markerte seg fint, under stort sett veldig fine forhold.

 

Igjen var det elleveåringen Marius Pedersen som beit aller best frå seg. Med suverene sigrar både på 200 meter (29,34), lengde (4,39 meter og personleg rekord) og på 600 meter med 1.51,59. På 60 meter kjempa han, nok ein gong, innbitt mot sprintspesialist Peter Bjørndal frå Gneist, men måtte sjå seg hårfint slegen, med berre seks hundredelar. Marius fekk tida 8,96, som er litt bak bak persen på 8,78.

 

Mest overraskande, og gledeleg, var truleg Bjart Sandvik Bø (11) sin siger i høgde, etter at han tangerte persen sin med «dirrelist» i tredje forsøk på 1,20. Bjart oppnådde elles tredjeplass på 600 meter og 200 meter.

 
Marius Torbjørnsen (15) viser at han har stabilisert seg på høgder over 1,60. Han stoppa på 1,60, som gav 2.-plass. Denne gongen vart 1,65 ørlite for høgt. Men kvifor lista datt i andre forsøk, var det ingen som kunne forklara! Marius oppnådde elles 3.-plass i lengde med 4,68 meter og 2.-plass i tresteg med 10,55. 

Johannes Sandvik Bø(12) oppnådde 4.-plass på 60 meter med 9,33, 3.-plass på 600 meter med 1,54,48, 4.-plass i høgde med 1,30 og 5.-plass på 200 meter med 30,97.

 
Anna Sandvik Bø (14) fekk 3.-plass på 100 meter med 14,68 og 2.-plass i lengde med 4.12. Resultata i høgde, tresteg og på 800 ønskte ho ikkje på trykk.

Rekruttane Tori Torbjørnsen på ni år og Gard Sandvik Bø på sju år viser at me har mykje spanande å sjå fram til i Fitjar-friidretten. Dei deltok på 60 meter og i lengde.

 


Bjart Sandvik Bø gjekk heilt til topps i høgde. Foto: Privat. 

 


Marius Torbjørnsen svingar seg elegant over 1,60. Foto: Privat.

 


Johannes Sandvik Bø i fint driv på 200 meter. Foto: Privat.



Tori Torbjørnsen i lengdegropa. Foto: Privat. 

 


Gard Sandvik Bø hoppar lengde i Strandebarm. Foto: Privat.