Isabell Fluge Rydland og Lars Rydland Sæbø med utsikt over bakkane på Tislavoll, der leirdeltakarane bur i telt og lavvoar. Foto: Kjetil Rydland. 

Leir som 4H-oppgåve

Øvrebygda 4H skipar denne helga til distriktsleir for Sunnhordland, og festkomiteen består av dei eldste medlemmene i klubben.

 

Denne helga er 60 4H-medlemmer frå Sunnhordland samla til distriktsleir på og ved Øvrebygda skule, og klubbane Øvrebygda, Rommetveit, Sisu frå Sveio og Lauvsprett frå Kvinnherad er representerte med 4H-arar frå 3. til 7. klasse. 

«Me lagar leir» – ei kjekk, men travel 4H-oppgåve

I leirkomiteen sit styret i Øvrebygda 4H, med leiar Victoria M. Maraas, nestleiar Isabell Fluge Rydland, skrivar Oda Volden de Fine, styremedlem Maria Svåsand Korsvik og varamedlemmene Ingvild de Fine Olsen og Angelica Tufteland Lundal. I tillegg er Marte Koløen, Lena Grimen og Lars Rydland Sæbø med i komiteen, som ikkje har nokon leiar.

Isabell Fluge Rydland har kontroll på det meste som skjer, men ho fortel at dei i utgangspunktet ikkje hadde noka spesiell arbeidsfordeling. Dei begynte å planleggja arbeidet i januar, og så har det blitt litt meir intenst etter kvart. Dei skreiv opp det som måtte gjerast etter kvart som dei kom på det, og fordelte oppgåvene på dei enkelte komitemedlemmene.

Ho fortel at arbeidet i festkomiteen er travelt, men veldig kjekt. Dei får god hjelp av foreldra fortel ho, både med matlaging og som nattevakter. Lars R. Sæbø er den einaste som overnattar saman med leirdeltakarane i lavvoen på bakken. Dei andre komitemedlemmene går heim om kvelden for å sova og vera utkvilte til neste dag.

 

Variert aktivitetstilbod

Leiren begynte fredag kveld og varer til søndag føremiddag, og har eit svært variert aktivitetstilbod. Isabell Rydland og Lars R. Sæbø nemner i fleng: Fotball og volleyball med Lars Sæbø og Steinar Vikane, kunstmåling med Bjørg Strømme, trearbeid med Toralv Røen, karate med Victoria M. Maraas, foto med Hilde Karin Eiken, kanopadling på Storavatnet med Liv Siri og Magne Andresen, skyting med Nils Øyvind og Karl André Rydland, sjøfiske i Dåfjorden med Sigvald Leirvik.

Med så mange gode forslag var det mykje å velja i for dei unge leirdeltakarane. – Folk sette seg opp etter ønske, og det gjekk fint opp, seier Isabell Rydland. 

Yrande liv i gymsalen og på skuleplassen!

Etter det me forstår, har det ikkje vore noko problem å få dei unge leirdeltkarane til å gå til ro i rimeleg tid. Vêret har ikkje freista  til bading, men dei har hatt både grilling og natursti.

Serveringa foregår i gymsalen på Øvrebygda skule. Victoria M. Maraas og Isabell Fluge Rydland administrerer bordseta, passar på at dei unge deltakarane tek skorne av seg ved inngangsdøra og stiller i kø slik dei skal. Til matlaging og servering har dei hjelp av vaksne leiarar i 4H, og ein del velvillige foreldre. 

Om kveldane er det diskotek, med utstyr dei har lånt frå Fitjar kultur- og idrettsbygg. Om dagen har lydanlegget stått på, under leiing av Ingvild de Fine Olsen og Maria Svåsand Korsvik. Ingvild fortel at dei har jobba hardt for å skaffa denne utescenen, men ein dag før leiren begynte fekk dei endeleg ja. Brødrene Dahl har lånt ut lastebilen sin til ein fin utescene som står på skuleplassen og spyr ut lyd, som tydelegvis er vellyd i unge øyre.

Og laurdag kveld var det stort talentshow! 

 

4H-leir på utstilling til hausten

På den tradisjonelle haustfesten vil leirkomiteen ha felles utstilling, fortel Lars R. Sæbø. Dette blir deira 4H-oppgåve i år. Her kan me sjå korleis dei har lagt opp arbeidet med planlegging og gjennomføring av leiren, til lærdom for både vaksne og dei yngre 4H-medlemmene.

Og dei som ikkje fekk med seg leiren denne helga, kan sjå kor kjekt dei har det på 4H-leir!

 


Kaisa Joelsson og Maren Rydland hadde foto som aktivitet. – Me fotograferte natur, kalvar og gjæser, og lærte om det gyldne snitt, seier Kaisa. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Ingvild de Fine Olsen og Maria Svåsand Korsvik med høgtalar dei har lånt av Fitjar kultur- og idrettsbygg, utescenen er ein lastebil dei har fått låna av Brødrene Dahl. Foto: Kjetil Rydland.

 


Skorne måtte av før 4H-arane fekk setja seg til bords i gymsalen. Foto: Kjetil Rydland.