Med smittande entusiasme byr danselærar Karoline Frederich elevane opp til dans i gymsalen på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland. 

Ny danselærar med entusiasme!

Fitjar kulturskule har tilsett Karoline Frederich som ny lærar i dans, og i går presenterte ho seg med brask og bram for elevane ved Rimbareid skule.

 

I løpet av fredag føremiddag gjennomførte den unge danselæraren tre «workshops» med ulike aldersgrupper på skulen. Fitjarposten fekk vera med på den første økta, då Karoline Frederich møtte rundt 100 elevar frå 1. til 3. klasse.


Karoline Frederich – ny danselærar ved Fitjar kulturskule. Foto: Kjetil Rydland. 

Engasjerte 100 elevar på imponerande vis

– Kan det verkeleg gå an å halda 100 ungar «i ånde» i ein heil skuletime – i «fri dressur» i den store gymsalen?

Dette lurte me på førehand og hadde våre tvil. Men danselæraren gjekk til verket med naturleg entusiasme, som tydelegvis smitta over på elevane. Leik og dans til oppvarming og undervisning i enkle dansar engasjerte praktisk talt alle elevane i 45 travle minutt, før ho kunne takka eit imponert lærarkorps for samarbeidet. Og dra pusten, før neste økt, med litt eldre elevar.

Lærarane uttrykte beundring over den flotte jobben, at det gjekk an å engasjera så mange små i ein heil skuletime. Elevane trong me ikkje spørja denne gongen – kroppsspråket talte sitt tydelege språk.

Danselæraren nytta høvet til å gi informasjon med lærarane opp i klassane – i von om at det melder seg elevar til haustens danseundervisning i kulturskulen. Undervisninga blir delt inn etter alder, og er open for barn frå fire år og oppover. Gårsdagens workshop er typisk for det Karoline Frederich har tenkt å driva med til hausten. Det blir mykje teaterdans med kostyme, seier ho. 

Solid bakgrunn frå turn og dans

Den nye danselæraren kjem frå Bergen, men bur for tida på Stord. Ho har toårig artistskule frå Bårdarakademiet, og eittårig musikaldansutdanning frå Bårdar International. Etter utdanninga har ho vore dansar i fleire kjende oppsetjingar, blant anna var ho ape i «Jungelboken» på Chateau Neuf. I vår var ho musikalsk ansvarleg for «Charlie og sjokoladefabrikken», ei oppsetjing i regi av Spinae Company på Stord. Ho har òg dansa i fleire av «Stjernekamp»-sendingane på NRK.

Den 24 år gamle danselæraren har ti års erfaring som idrettsleiar i dans og turn. Ho har vore engasjert i Bergens-klubben Gneist og i Oslo Turnforening. Sjølv har ho konkurrert på høgt nivå i «Gym for life», ein konkurranse for oppvisningstroppar. 

Karoline har 20 % stilling i Fitjar kulturskule samstundes som jobbar med konkurranseutøvarar i Stord turn. Der har ho ansvaret for rekrutt og junior, dvs. aldersgruppa 9 til 18 år. Dei held eit veldig høgt nivå, seier ho. I tillegg til dette har ho planar om å studera ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord. 

No vonar ho elevane synest dette var kjekt, og melder seg på. Etter gårsdagens workshop ser me ikkje bort frå at dans kan få eit oppsving i Fitjar, 

 


Samuel Olsen og Sebastian Olsen fekk med seg så noko lunde alt. Dei vaksne i bakgrunnen ser litt meir nøkterne ut. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Full konsentrasjon på workshop i dans. Foto: Kjetil Rydland.