Ikkje kyrkjelydsprest

Fitjar sokneråd har gjort vedtak om ikkje å tilsetja kyrkjelydsprest, men å utlysa stilling som trusopplærar i 80 % stilling.

 

Dette går fram av ei pressemelding som me har fått frå soknerådsleiar Sigrid Fangel. Heile pressemeldinga kan du lesa her: 

 
PRESSEMELDING FRÅ FITJAR SOKNERÅD

Fitjar sokneråd har gjennom fleire år arbeida for å sikra ei stabil ordning med eigen kyrkjelydsprest i full stilling. Det har dei siste åra vore vanskeleg å få på plass sikker finansiering av heile stillinga. Vidare har både kyrkja i Fitjar og andre stader hatt store vanskar med å få kvalifiserte søkjarar til lokale prestestillingar.

På bakgrunn av dette avgjorde soknerådet i 2017 å etablera ei stilling som kombinert kyrkjelydsprest/trusopplærar. Då kunne det øyremerkte tilskotet som vert utbetalt til trusopplæring vera med å finansiera stillinga. Denne stillinga har vorte lyst ut to gongar siste året, utan at ein har fått søkjarar som kan fylla heile stillinga med dei oppgåvene som soknerådet vil prioritera.

Soknerådet legg stor vekt på at det no trengs stabilitet i trusopplæringa, med personell som har kompetansen og eigenskapane som skal til for å nå alle aldersgruppene i denne tenesta. På bakgrunn av dette avgjorde soknerådet på møte den 13. juni at det skal lysast ut ein 80 % stilling som trusopplærar i Fitjar kyrkje, så snart ein har sikker finansiering på plass.

Kva som skjer med stillinga som kyrkjelydsprest vil soknerådet komma tilbake til i eiga sak til hausten. Då vil rådet og sjå på retningslinjer for fondet som er sett av til å finansiera stillinga som kyrkjelydsprest i tronge tider.

Soknerådet har elles lagt vekt på fylgjande:

• Soknepresten gjev klårt uttrykk for at det er ressursar til trusopplæring som må prioriterast for å byggja Fitjar kyrkjelyd for framtida.

• Arbeidsvilkåra til soknepresten har vorte vesentleg betre dei siste åra, med ordna arbeidstid og meir hjelp til å utføra tenesta. Det er difor ikkje same behov for avlastning i prestetenesta som tidlegare.

Soknerådet har forståing for at det er sterke kjensler knytt til det som gjeld eigen kyrkjelydsprest i Fitjar. Ordninga har i mange år vore til stor velsigning for kyrkjelyden, men soknerådet har teke inn over seg at tidene har skifta. Då må ein vera villig til å sjå på nye løysingar.

Venleg helsing
Sigrid Fangel
Leiar i Fitjar sokneråd