Lyspunkt i tronge tider i Fitjar

Lysløypa vil ta til her ved Olstjødno og følgja vegen oppover Foto: Harald Johan Sandvik

Formannsskapet vedtok oppstart på lysløype frå Olstjødno til Svartavatnet.

I mai 2018 vart det teke initiativ frå frivillige lag og næringslivet for å få byggja ei to kilometer lang lysløype frå Olstjødno til Svartavatnet.

Dei som står bak er Stord-Fitjar Turlag, Fitjar Kraftlag SA, Midtfjellet Vindkraft AS, Fitjar Fjellsameige og private eldsjeler.

Spleiselag

Kommunen har fått oppmoding om å stå bak og å driva prosjektet. Moderne lysteknologi vil gi låge driftskostnader, og utstyret vert kjøpt inn av Midtfjellet Vindkraft til ein svært gunstig pris. Alle kablar vert lagt i jord. Estimerte årlege driftskostnader er på 18.000 kroner.

Prosjektet er kostnadsrekna til 920.000 kroner. Ein tredjedel av dette er tenkt finansiert med spelemidlar, Fitjar Kraftlag vil gi tilskot på 100.000 kroner, og det ligg inne søknad til Sparebanken Vest om kr. 100.000. Resten av kostnadane vil bli gjort veøø dugnad kr. 300.000 og refusjon mva kr. 120.000.

Formannskapet gjorde vedtak i går om å forskottera spelemidlar kr. 300.000 og å gi anleggsbidrag tilsvarande momskostnaden, kr. 120.000. I tillegg tar Fitjar kommune på seg ansvaret for årlege driftsutgifter på kr. 18.000 og utfordrar lag, organisasjonar og næringsliv til å vera med og dela på den summen.

– Flott folkehelseprosjekt

I tiltaksplanen for Midtfjellet er det tenkt lysløype og andre aktivitetar rundt Olstjødno. Den nye lysløypa vil ikkje hindra dei planane.

I debatten streka ordførar Wenche Tislevoll, H, under at her er dugnadsviljen svært stor, og den må oppmuntrast!

– Dette er eit flott folkehelseprosjekt, og vegane i Midtfjellet er eit gode for heile regionen. No kan ein få bruka området også i dei mørke månadene, sa Agnar Aarskog, Ap.

Sigurd Andre Maraas, FrP, hadde fått eit hint om at prosjektet kunne gi lysstøy, noko som forstyrrar når ein ser på stjerner. Rådmann Olaug Haugen svara at temaet er kjent. I dette prosjektet meinte ho at det ikkje vil vere dominerande, då dette er eit svært avgrensa område.