Kamilla Koløen syng Vamp-låten «Vuggesang» til akkompagnement av Ole André Westerheim på piano. 

Sommarkonserten viste breidda i kulturskulen

Vel 50 kulturskuleelevar fekk demonstrert breidda i tilbodet til Fitjar kulturskule, og publikum i alle aldrar fylte nesten kultursalen under sommarkonserten torsdag kveld. 

 

Det takknemlege publikummet av foreldre, besteforeldre, slekt og vener fekk vera med på ein variert konsert på eit høgt musikalsk nivå. Fire ungdommar leia den 100 minutt lange konserten på ein lett uhøgtideleg, men trygg måte. Konferansierane Alexandra Maraas, Katarina Maraas, Kaia Victoria Grimen og Hanan Anwar Ahmen skal ha minst like stor ære av innsatsen sin som dei andre unge aktørane. 

I kveld kunne me gle oss over eit variert program med både dans, solosong, pianospel og gitarspel. I tillegg fekk me oppleva ein «klassisk restaurantsketsj» med flinke skodespelarar. Og på slutten leia konferansier Alexandre Maraas oss gjennom eit par rundar med selskapsleiken «Mordaren». Til stor applaus.

Konserten blei avslutta med verdspremiere på eit musikkstykke som Fitjar Skulekorps skal framføra i NM. «Jekyll & Hyde» er komponert av ein kollega av skulekorpsdirigent Svein Roger Koppang frå studietida i England for over ti år sidan. Me kan nok sjå med forventning fram mot skulekorpset si deltaking i NM i år òg. 

Å trekkja fram enkeltprestasjonar etter ein slik flott konsert er ikkje nødvendig. Me stemmer i med kulturskulerektor Håvard Kroka og rådmann Olaug Haugen, som la vekt på breidda i tilbodet til ungdommen i Fitjar. Me kan vera takknemlege over at ungdommen i Fitjar har eit så variert tilbod av så høg kvalitet!

 


Bjart Sandvik Bø spelar «Hvem kan segla» saman med gitarlærar Knut Heggdal. Foto: Kjetil Rydland. 

 


«A hero’s farewell» på fiolin ved Kaia Grimen og lærar Orlaug Kathrine Evensen. Foto. Kjetil Rydland. 

 


Fitjar Skulekorps avsluttar konserten med verdspremiere på musikkstykket «Jekyll & Hyde» av Richard Rock. Foto: Kjetil Rydland.