Styret i Sunnhordland Seniorsenter, f.v. Arvid Vatle, Anders Legland, Kjellaug Arnulf, Svein Kåre Meling, Astrid Grønnevik Nesse, Paul Stenberg og Sigmund Røksund. Gunvor Stautland var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto: Kjetil Rydland.

Sunnhordland Senioruniversitet med spanande haustprogram

Under tysdagens styremøte fekk Sunnhordland Seniorsenter på plass programmet for resten av året, og dei har mange spanande førelesingar å by på i haust.

 

Det var ein fornøgd styreleiar, Svein Kåre Meling, som kunne presentera interessante forelesarar etter styremøtet i Sunnhordland Sennoruniversitet denne veka. 

Den tidelgare rektoren ved Rimbareid skule bur på Bømlo og overtok som styreleiar i Sunnhordland Senioruniversitet i vår. Med seg har han tidlegare leiar Anders Legland, styremedlemmene Kjellaug Arnulf, Arvid Vatle, Sigmund Røksund og Astrid G. Nesse, og varamdlemmene Gunvor Stautland og Paul Stenberg.

Sunnhordland Senioruniversitet samlar vitelystne seniorar frå heile regionen, og førelesingane vert haldne i Bømlo kulturhus på Svortland. Føremiddagen den siste tysdagen i månaden byr dei på møte kjende førelesarar, som ofte trekkjer mykje folk. Men dei kan ikkje peika på spesielle tema eller personar som peikar seg ut i så måte.

Døme på trekkplaster som har drege mangee tilhøyrarar til Bømlo kulturhus, er tidlegare NRK-korrespondent Bjørn Hansen, Thorvald Stoltenberg, Sverre Lodgaard og professor Jørn Øyrehagen Sunde. Som oftast er det 100-150 tilhøyrarar til stades på forelesningane. Men dei har vore oppe i 300.    

Svein Kåre understrekar at du verken treng vera gammal eller akademikar for å ha glede av førelesingane deira. Og han meiner haustens program er både variert og godt. 

– Du treng ikkje motta alderstrygd for å gå her, understrekar Sigmund Røksund. 

Eit samstemt styre ser svært gjerne at fleire tek turen frå Fitjar til Bømlo på desse førelesingane. Dei har allereie ein ivrig flokk stordabuar som følgjer med. 

– Me vil vera ein møteplass for tanke og trivsel, seier tidlegare leiar Anders Legland og legg til: Me er 15 år gamle, og veit at det skal noko til å bli innarbeidde. 

  

Heile programmet for hustsemesteret ser slik ut: 

2. august:
Kulturjournalist Nina Skurtveit «Dresden som Fugl Sønix» – historia om Tysklands gjenreiste storby, ein by som blei terrorbomba på slutten av andre verdskrigen.

18. september:
Tidlegare redaktør Helge Simonnes «God bless America» – falske nyhende som bana vegen for Donald Trump til Det kvite huset.

30. oktober:
Kunsthistorikar Kjell Magnus Økland «Oselvaren – den levande båten». 

20. november:
Fiskebåtreiar Inge Halstensen «Jord og hav – vårt vestnorske nærinngsgrunnlag gjennom soga». 

11. desember:
Forfattar Agnes Ravatn «Verda er ein skandale» 

Lærar og trubadur Svein Olav Steindal «Cohen og eg».