Storspovemor med fem små som spankulerte rundt på den nyslegne bakken. Foto: Kjetil Rydland.

Kjempar for livet til dei små

I år har me følgt med på storspovelivet både på Rimbareid og fleire stader i Ovbygdo. På Rydland opplevde storspovane dramatikk i går, men det ser ut til at dei klarer å få fram ein heil ungeflokk.

 

I går var det stor ståhei blant fuglane på Rydland. Storspovane med det karakteristiske skriket, laga endå meir lyd enn vanleg, og vår tipsar blei uroleg: – Kva er det som skjer?

Han fekk svaret då han såg ei flott kongeørn liggja på lufta over driftsbygningen til Rydland Storfe. Brått gjekk ørna i stup, og han såg ikkje meir til henne. Men det var tydeleg at det var ørna dei to spovane var redde for. Og i dag viste det seg at dei har fem ungar, som dei tydelegvis gjorde alt dei kunne for å berga.

Litt dramatikk blei det i dag òg. Då dei skulle kryssa Koløyvegen, kom det ein bil, men heldigvis tok sjåføren omsyn, slik at alle kom seg over vegen og bort på den nyslegne bakken. Der spankulerte heile flokken rundt og leita etter mat.

Det ser altså ikkje ut til at storspovane miste nokon av ungane i går. Og ingen andre i nabolaget saknar verken hundar, kattar eller lam etter gårsdagens ørneangrep.

Dersom spovefar og spovemor klarer å ala opp heile ungeflokken, har dei gjort ein god jobb. Endå ein gong slår det oss at det ikkje kan vera greitt å vera fugl. Det er alltid noko!

Storspoven er ein fugleart i snipefamilien og er den største vadefuglen i Noreg, med ei lengd på ca. 55 cm og ei vekt på ca. 500–900 gram. Beina er lange, og det nedoverbøygde, tynne nebbet er 10–15 cm langt. Storspoven er brunflekka som småspoven. Storspoven er ein trekkfugl som kjem i mars/april og drar igjen allereie i juli. 

Fakta om storspoven finn du via denne linken

Den karakteristiske lyden kan du høyra på fuglelyder.net

 


Det kan ikkje vera mange dagar sidan han såg dagens lys, denne storspoveungen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Storspovefar kikkar seg over aksla for å sjå kor han har storspovemor og dei fem små. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Storspovemor veit å gi lyd frå seg. Foto: Kjetil Rydland.