Ailin Vik, den første Fitjar-føraren og den første jenta som vinn vestlandsmeisterskapet i bilcross. Her saman med grunnleggjaren av Fitjar Racing Team, Ole Vidar Helland. Arkivfoto.

Ailin Vik og Ole Vidar Helland i depotet etter gårsdagens flotte innsats i Vikedal. Foto: Kjetil Rydland. 

Bilcross: Ailin og Oliver heilt i toppen!

Etter andreplass på Ailin Vik og tredjeplass på Oliver André Matre i Todagarscrossen i Vikedal kjempar begge toppførarane til Fitjar Racing Team i teten i vestlandsmeisterskapet.

 

Fitjar Racing Team stilte med heile ti bilcrossførarar under Todagarscrossen i Vikedal laurdag og søndag. Som venta for oss mest resultatorienterte handla mykje om dei to fremste førarane til det lokale teamet, nemleg Ailin Vik i juniorklassen og Oliver André Matre i senior. Og heldigvis for spenninga i samandraget i vestlandmeisterskapet var det nettopp desse som gjorde det best av dei lokale fartsheltane våre.

 

Samanlagtsjansar i vestlandsmeissterskapet

Ailin Vik køyrde gjennom laurdagens tre innleiingsheat i rein oppvisingsstil og vann alle. Søndag blei det ein fjerdeplass før ho avslutta innleiingsheata med siger; då var ho nesten oppe i depotet før dei alle dei andre var i mål! Dette heldt til tredje startspor i A-finalen; dette er eigentleg ikkje ideelt, etter det me forstår på racingsjef Ole Vidar Helland. 

Dette fekk me sjå rett før første sving, då ho fekk eit kakk i eine bakskjermen og tverrstilte. Deretter handla det meste om å ta igjen det tapte og komma a jour med dei beste. Etter kvart gjekk det betre og betre, men ikkje heilt utan dramatikk. På slutten låste gassen seg, og ho måtte bremsa innimellom! Men Ailin er flink å takla uvante situasjonar, ho sette bilen i andre gir og kjempa seg i måt til ein andreplass, bak Carl E. Heimvik, NMK Bergen. Dermed leier ho framleis vestlandsmeisterskapet samanlagt. 

Også Oliver André Matre gjekk gjennom inneleingsheata på ein imponerande måte; fire førsteplassar og ein tredjeplass heldt til andrespor i A-finalen. Her var han litt for ivrig, og tjuvstarta. 

– Eg hadde altfor lyst til å vinna! seier Oliver sjølv. 

Straffa for ein tjuvstart er ein ekstra tur ut i alternatisvporet, noko som gav Oliver litt lengre veg til mål enn dei andre. Han køyrde likevel så godt at han stadig nærma seg dei beste. Og avstanden fram til dei beste blei mindre og mindre. Til slutt var det berre to bilar framfor han i løypa, og avstanden var ikkje lengre enn at utan straffa for tjuvstarten hadde Olliver kjempa om sigeren heilt inn. Ein imponerande prestasjon. Endå meir imponerte blei me då me såg det venstre bakhjulet, som hadde punktert eit par rundar før mål!

Gårsdagens tredjeplass gjer at Oliver framleis ligg på andreplass i vestlandsmeisterskapet samanlagt, bak Marius Havre frå NMK Bergen, som vann i går. Nummer to i går blei Ernst Harald Holten Leifsen frå NMK Vikedal. No ligg Oliver seks poeng bak Havre, medan nestemann ligg eit godt stykke bak. Oliver seier han har godt håp om samanlagtsiger, og stiller opp med store ambisjonar i Bergen om eit par veker, når fjerde runde i vestlandsmeisterskapet går av stabelen.

Kristina Sætre og Arild Vik til finalar

Utanom dei to beste var det deira «nærmaste pårørande» som gjorde det best i Vikedal. Sambuaren til Oliver, Kristina Sætre, begynner å få fart på asconaen sin og enda på 4.-plass i damefinalen etter bra køyring. Ailin Vik hadde pappa Arild i aksjon i den nest beste opelen i familien, ein Astra med berre 1,6 liters motor. Veteranen gjorde sine saker bra, og kom seg til E-finalen. Ein skår i gleda var at bilen blei seld på bud etter konkurransen i går. Men bestebilen i familien, ein Opel Astra med to liters motor, er klar for Ailin til neste runde. 

Godt støtteapparat og god breidde

Som vanleg stilte Harald Heggøy og dei andre mekanikarane velvillig opp for førarane. Og det blei etter kvart travelt i depotet, for det skjer alltid mykje rart undervegs i billøp. 

Yngstemann i førarkorpset, Ole Lønning, brukte fredagskvelden på å skifta radiator og vifte for å få skikkeleg kjøling. Og då endeleg alt virka fint, kom han 300 meter av garde i første heatet laurdag morgon. Då var det slutt på framdrifta, og han måtte slepast opp i depotet med knust bakaksling. Men ekte bilcrossentusiastar gir seg ikkje så lett. I løpet av laurdagen reiste han til Sandeid og henta ny aksling og fekk den montert, før han gjekk i Vikedalselva og bada. Søndag morgon var han klar til dyst igjen, og i begge gårsdagens heat kom han til mål. 

Elles merka me oss at ein annan nykommar, Joakim Strand, etter kvart har fåttt skikk på bilen sin. Han har slite litt med å finna ut av bobla med volvomotor, men det går betre og betre, seier han, og i siste heatet i går gjekk han heilt til topps!

Med heile ti førarar på startstreken, eit solid mekanikarkorps og svært mange blåkledde tilskodarar på plass i solsteiken markerte Fitjar Racing Team seg svært så godt i Vikedal. Det er tydeleg at det gror godt i bilsportmiljøet i Fitjar, både i breidde og topp. 

 


Ailin innom bilen til Ole Vidar mellom omgangane for å få vita korleis det skal gjerast. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Gode folk i depotet er heilt nødvendig for å hevda seg. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Her er det Joakim Strand som får hjelp med å skifta eit punktert bakhjul. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Og her får Joakim hjelp med hjelmen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Harald Heggøy følgjer veldig spent med når Oliver kjempar seg til mål i A-finalen med punktert bakhjul. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Det var varmt både på Gisle Aarbø og alle andre i Vikedal i går. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Hyen er ein viktig mann for racingteamet. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Slik såg venstre bakhjulet på bobla til Oliver ut etter A-finalen i Vikedal i går. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Og slik såg bakakslingen til Ole Lønning ut etter første heat laurdag føremiddag. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Oliver har tjuvstarta i A-finalen, og her får han straffa: To gonger i alternativsporet. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Oliver A. Matre vinn det siste innleiingsheatet og sikrar seg 2. startspor i finalen. Foto: Kjetil Rydland.