Denne stakkars hoggormen hadde blitt delt i to av ein stein midt på vegen, langt oppe i Midtfjellet. Foto: Fitjarposten-tipsar.

Hoggormen er freda!

I går ettermiddag låg det ein død hoggorm på grusvegen i vindmølleparken, og det var heilt tydeleg at han hadde blitt avliva med ein stein.

 

I førre veke kom me med ei oppmoding om å la hoggormen vera i fred; han er nemleg freda.

Likevel har nokon igjen drepe ein hoggorm denne helga. Midt på grusvegen i vindmølleparken, på høgda mellom Svartavatnet og Beinatjønnsvarden, låg ein nyleg avliva hoggorm i går ettermiddag.

Det er sjokkerte turgåarar som fortel dette til Fitjarposten. Det vedlagde biletet taler sitt tydelege språk, hoggormen har blitt kutta i to med ein stein.

- Annonse -

Me minner på nytt om at dette er miljøkriminalitet, som kan straffast med bot. 

Og oppmodar turgåarar og andre om å la hoggormen vera i fred.