Biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen med ti noverande og komande førstklassinar ved Selevik skule. Foto: Kjetil Rydland.

Fremja leselyst på Selevik skule

Sommarles starta fredag 1. juni, og biblioteksjefen markerte dagen med ein promoteringsrunde i klassane på Selevik og Øvrebygda skular.

 

Sommarles er eit tiltak som skal fremja lesing blant barn frå 1. til 7. klasse. Også dei som byrjar på skulen til hausten kan vera med, og på Selevik skule var haustens førsteklassingar på plass, slik at ti elevar fekk møta biblioteksjefen fredag morgon.

Som vanleg hadde biblioteksjefen på seg den grøne sommarles-T-skjorta. Ho har hatt ein runde på skulane for å oppmuntre til lesing, og me fekk vera med då ho besøkte dei minste på Selevik skule. Då hadde ho allereie gjort seg ferdig med dei store elevane på skulen. Enkelte av elevane har mange bøker, ei av jentene seier ho har 500 bøker heime.

Biblioteksjefen forklarte korleis lesekampanjen fungerer, og viste til nettstaden sommarles.no, korleis du registrerer deg som brukar, korleis du registrerer bøker som du les, høyrer eller får nokon til å lesa for deg, og korleis du samlar poeng. Etter kvart som du registrerer bøker, får du digitale trofé, og du kan vinna kjekke premiar. Silje hadde med seg eit utval premiar, som såg ut til å vera av stor interesse. 

Og etter sommarferien – 7. september – blir alle deltakarane inviterte til biblioteket på lesefest. Her vil dei møta Trond, som vil trylla, syngja, spela og gjøgla for dei. 

Førsteklasselærar Katharina Melkevik Dahle las det første kapittelet frå årets sommarles-forteljing «Asbjørn og Astrid i verdsrommet» høgt for elevane. Ho takka for eit spennande besøk, og oppmuntra elevane sine til lesing:

– Då blir de gode på bokstavane når de kjem tilbake på skulen etter sommarferien! 

 


Gutane følgjer spent med når biblioteksjefen forklarer korleis sommarles fungerer, f.v. Sølve Rommetveit, Olaf Danowski, Sverre Våge Helland og Colin Alexander Peitisch. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Lærar i første klasse, Melkevik Dahle, les byrjinga på årets sommarlesforteljing «Asbjørn og Astrid i verdsrommet» for elevane. Foto: Kjetil Rydland.