Elevane må stå i kø før dei får forsyna seg, og det fungerer heilt fint. Foto: Kjetil Rydland. 

Fredagslunsj – ein god vane på Selevik skule!

På Selevik skule har dei felleslunsj kvar fredag – eit sosialt tiltak som skaper trivsel.

 

Kvar fredag er det felleslunsj for elevar og tilsette på Selevik skule, noko me fekk gleda av å vera med på då me var innom sist fredag.

Rektor Elisabeth Kjærland fortel at dei har hatt denne ordninga dei siste seks åra. 

Lærarane betaler sin del, medan det er foreldra gjennom FAU som betaler for lunsjen til elevane. Dei betaler òg for frukt til elevane kvar dag. 

– Alt dette har vore med på å skapa samhald, arbeidslyst og trivsel, stadfestar rektor Elisabeth Kjærland. 

 

 


Gunnbjørg Kristin Vik har hatt hovudansvaret for felleslunsjen i alle år. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Andrea Våge Helland, Susan Rea Mathisen og Isabell Polden Andersen set stor pris på fredagslunsjen.  – Og me har graut på mandagar, sier dei. Foto: Kjetil Rydland. 

 


– Me set pris på å få ferdig oppskore brød frå Rema! seier Gunnbjørg Vik, som ikkje er skoren for tungebandet. Foto: Kjetil Rydland.