Kjetil Andreas Gloppen på åtte entrar den litt svidde grasmatta og gjer seg klar til Fitjar Spar Cup. Foto: Kjetil Rydland. 

Spar Fitjar Cup – eit eventyr!

I aldeles strålande sommarvêr har fotballgruppa i Fitjar Idrettslag avvikla årets desidert største arrangement, Spar Fitjar Cup.

 
Spar Fitjar Cup blei i år velsigna med det finaste vêret me kan hugsa, og berre opne slangar med vatn mangla i idrettsparken desse to dagane. På grunn av tørken kunne dei ikkje unna seg denne luksusen, men elles hadde ingen noko å klaga på under årets storsamling for dei unge fotballspelarane i distriktet.

Alt i alt var 70 lag med på årets Spar Fitjar Cup – spelarar fødde frå 2008 til 2011. Dei fleste laga kom frå Fitjar og naboklubbae våre her på øya. I tillegg deltok lag frå Selbjørn, Austevoll og Rubbestadneset. I løpet av laurdagen blei det avvikla 52 kampar for årsklassane 2008 og 2009. I dag blei det avvikla 56 kampar i dei yngste årsklassane, 2010 og 2011, 5-arfotball og 3-arfotball i ballbingar.

Som vanleg gjorde dei unge dommarane frå Fitjar Idrettslag ein fin innsats. Dei har fått solid opplæring av Roald M. Nilsen, og Finn Ingvar Havnerås sørgde for at dei enkelte dommarane fann fram til dei rette kampane sine. 

Hovudansvaret for årets Spar Fitjar Cup hadde Anne Helene Vestbøstad, medan Torill Mork Levåg hadde ansvaret for mat og drikke. Anne Helene seier alt gjekk fint begge dagar: – Det var intenst og kjekt!

Her kjem ein del bilete frå den varme opplevinga i Fitjar Idrettspark. 

 


Her har guten med det fina namnet og dei fine solbrullene fått på seg den fine drakta og er klar til kamp! Foto: Kjetil Rydland. 

 


Ikkje noko tull! seier parkeringsvaktene Svein Arne Jordan Raunholm og Marius Helland Storebø. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Rett utstyr er viktig i sommarvarmen. Foto :Kjetil Rydland. 

 


Solid-supporter Svein Roger Kooppang gir moralsk støtte til keeperen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Elisabet R. Sæbø er klar til å dømma, og Harad R. Sæbø er meir enn klar til å spela. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Finn Ingvar Havnerås har kontroll på dommarane, og kampvert Geir Inge Isdahl ser ut til å ha rimeleg kontroll på resten. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Skal det vera salat eller sushi? spør Dan Torbjørnsen i kiosken. Foto: Kjetil Rydland.