Hagegleder for ein kvar smak på Helland i dag; i alle høve ser Ronny Korneliussen vel fornøgd ut.

Hagegleder for alle på Helland!

Oppmøtet var stort då Reidun Ahrens Helland opna det nye gartneriet sitt i dag; folk kom frå heile Stordøya for å kjøpa blomar og urter.

 

Reidun Ahrens Helland skein om kapp med sola og solsikkene sine då ho hadde gleda av å be publikum inn til opning av gartneriet LitlaOlatunet i dag.

Og det såg ut til at folk fann det dei såg etter, for Reidun fekk det travelt i solsteiken med å pakka blomar og ta imot betaling.

– Eg er godt fornøgd med dagen, seier ho i kveld, eg fekk selt mykje!

Ho legg til at kortterminalen fungerte, slik at salet gjekk ganske knirkefritt. Rett nok var det litt vanskeleg å rekna med mobiltelefonen i solsteiken; det var ikkje så lett å lesa kva som stod på skjermen.

Men alt i alt gjekk opningsdagen veldig fint, og no kan Reidun sjå med optimisme framover. 

Til dei som gjekk glipp av opninga i dag, kan me opplysa at Reidun vil ha ope torsdag, fredag og laurdag, og då er folk velkomne. Du finn nærmare opplysningar på Facebook-sida hennar.

Nedanfor kan du sjå bilete frå opninga av gartneriet i sommarvarmen på Helland. 

 


Tove Irgens t.v. var den aller første kunden på Helland i dag; ho hadde teke turen frå Stord saman med Lilly Irgens og Svanhild Rimmereide Grov. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Her har Hilde Tislevoll funne kryddertagetes og er klar til å betala. Foto: Kjetil Rydland.  

 


Rolf Helland var naturlegvis på plass og jobba med småting som enno ikkje var på plass. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Alle plantene produserer Reidun sjølv, men i tillegg sel ho ein del slike pynteting i jern. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Døtrene Emma Helene og Sunnhiva Ahrens Helland er med på prosjektet, og her serverer dei ein matbit og forfriskingar i varmen. Foto. Kjetil Rydland.