Jacob Mehammer og Nils Ingard Tislevoll får ikkje klarert, og ballen går i mål. Foto: Kjetil Rydland. 

Tapte mot topplaget Smørås

A-laget spelte ein brukbar kamp mot topplaget Smørås, men strakk ikkje heilt til og måtte tola 0-4 i fredagens heimekamp.

 

Kveldens gjester i Fitjar Idrettsparkj er det beste laget som har vore på grasbanen vår denne sesongen. Derfor er ikkje resultatet til A-laget verre enn me kunne venta, og Fitjar spelte slett ingen dårleg kamp.

I første omgang heldt dei laget godt samla og hadde brukbar kontroll på dei skarpskodde gjestene sine. Eit par målsjansar greidde dei òg å spela seg til, sjølv om Smørås hadde både mesteparten av spelet og dei fleste sjansane. 

Smørås sitt første mål kom etter rundt 20 minutts spel, og omgangen såg ut til å enda med 1-0 til bortelaget. Men på overtid i første omgang gjekk dei opp til 2-0.

Andre omgang starta med nok eit mål på eit uheldig tidspunkt; etter rundt tre minutt tok gjestene livet av kampen med 3-0. Fitjar heldt stilen, viste god lagmoral og stod kampen ut. Det var likevel ikkje nok til å hindra Smørås i å gå opp til 4-0 rundt 10 minutt før slutt.

Trenar «Dikki» Steensohn ergrar seg ikkje spesielt over poengtapet i kveld. Smørås var eit altfor godt lag, med spelarar som har spelt fleire divisjonar høgare oppe i systemet. i tillegg måtte han greia seg utan fleire støttespelarar i kveldens kamp, og er rimeleg fornøgd med kveldens innsats.

Etter tapet for topplaget ligg Fitjar farleg til nest sist på tabellen, med sine 5 poeng. Neste sjanse til poeng kjem mot Vadmyra i Bergen neste laurdag. Og fredag 15. juni er det ny heimekamp i Fitjar Idrettspark, mot Stord 2. 

 

FITJAR – SMØRÅS 0-4 (0-2)

Fitjar Idrettspark, fredag 1. juni kl. 20.00 – seriekamp 5. divisjon avd. 03

Mål: 0-1 (20. min.), 0-2 (45. mein.), 0-3 (48. min.), 0-4 (80. min.)

Dommar: Geir Inge Myrvold, Eikelandsfjorden IL

Gult kort: Øyvind Fykse Lie og Marius Helland Storebø

Publikum: 42

Fitjar sitt lag: Jacob Mehammer, Svein Arne Jordan Raunholm, Leif Tore Nesbø Aarland, Nils Ingard Tislevoll, Emil S. Fitjar, Helge Myrmel Træet, Kristian Træet, Lars Fitjar Waage, Mats Vestvik, Jonas Yang Tislevoll og Daniel Skarpnes. Innbytarar med speletid: Øyvind Fykse Lie, Marius Helland Storebø og Øyvind Rydland Fluge.