Ved Tindaslottet står reinrosa i full blomst. Foto: Kjetil Rydland. 

Reinrosa i full blomst!

Ein snartur til Tindane denne veka avslørte at reinrosa står i full blomst, vakrare enn nokon gong.

 

Som kjent er reinrosa i Fitjarfjellet ein liten attraksjon, og i år står ho og blømer flottare enn nokon gong, i eit stor område rundt Tindaslottet.


Reinrosa er ein nydeleg blomst, som me ser, begynner ho allereie å avblomstra. Foto: Kjetil Rydland. 

Reinrosa er ein liten busk i rosefamilien, med krypande stengel. Ho veks sakte og kan bli svært gammal. Tindane skal vera den vestlegaste plassen i Noreg der me finn denne høgfjellsplanta.

Akkurat no står ho på sitt finaste, og på grunn av den nydelege sommaren i mai, er ho nok litt tidleg ute. Det kan henda at ho vil bli tidleg ferdig med blomstringa. Derfor oppmodar me folk om å ta turen opp før det er for seint. 

Det flotte synet er god betaling for ein marsj på halvannan til to timar frå Vistvik. Det gjer ikkje turen mindre verdt at det finst fleire andre planter som er verdt å sjå på den kalkrike grunnen i området. 

Me nemner spesielt fjellsmelle, det står store tuer i blomst i nærleiken av Tindaslottet. Og i same området finn me greplyng, ei beskjeden, krypande lyngplante med ein fin, liten blomst. Den finst i rik mon her oppe, men er elles ikkje så veldig vanleg i Fitjar.  

På heimesida til Miljødirektoratet heiter det om fjellområdet Tindane at «Dette er den klart beste lokaliteten for rik fjellvegetasjon på Stordøya, og oseanisk reinrosehei som dette finst det ikkje tilsvarande av andre stader i Hordaland.»  Sjå kva Direktoratet skriv i sin Naturbase om dette fjellområdet.

Går du litt lenger sørover Tindane, mot Grønafjellet, kjem du inn i eit karakteristisk «månelandskap».  Her rår heiloen med sine karakteristiske «piiip!». 

Les elles artikkelen Grønafjellet – indrefileten i Fitjarfjellet! som stod på Fitjarposten i fjor. 

 


Dette nydelege teppet av fjellsmelle i blomst ligg ved stien rett nedanfor Tindaslottet. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Greplyng er ein vakker, liten lyngplante som det ikkje finst så mykje av i Fitjar, bortsett frå i dette området. Foto: Kjetil Rydland. 


Heilo på Tindane ein kveld denne veka. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Det blømer ganske mykje molte i Fitjar akkurat no, men nærmare bestemt kor? Foto: Kjetil Rydland.