Sebastian Brakedal, Bjart Sandvik Bø og Birk Træet var først på den høgaste toppen av Kidno. Foto: Kjetil Rydland. 

Svalande fjelldag for mellomtrinnnet på Rimbareid

Over 100 spreke elevar ved Rimbareid skule gjekk til fjells i sommarvarmen, og fekk ein strålande dag i den lette fjellbrisen.

Mellomsteget – femte, sjette og sjuande klasse – ved Rimbareid har brukt dagen oppe ved Botnavatnet. Godt og vel eitt hundre spreke elevar til saman.

Rundt halvparten tok turen oppom Kidno, før dei samlast med dei ikkje fullt så spreke nede ved utløpet av Botnavatnet. Og rundt halvparten av desse igjen – 23 elevar – gav seg ikkje før dei kom opp på den høgaste toppen av Kidno, som ligger litt lenger aust. 567 meter over havet står det på toppen, etter den siste «justeringa» på kartet i fjor.

– Er du her for å ta bilde? lurte dei på, dei tre første som kom opp; Sebastian Brakedal, Bjart Sandvik Bø og Birk Træet.

– Ja, eg ventar på dåke, sa eg som sant var.

Dei hadde brukt knapt tre kvarter frå parkeringsplassen ved Olstjødno og opp til toppen. Då kom det vel med at eg hadde starta eit lite kvarter før dei.

Etter diverse selfiar for lærarar og elevar bar det ned til utløpet av Botnavatnet. Der brukte vel hundre elevar og lærarane deira resten av skuledagen på bading og ymse leikar.

Og det var berre vellæte å høyra frå liten og stor. Elevane viste seg svært så lette på foten, og det var ingen som klaga, får me opplyst på velinformert hald.

Her kjem Regine Haukeland og Amalie Helland Tislevoll opp mot toppen av Kidno. Foto: Kjetil Rydland.

Ved utløpet av Botnavatnet gjer 100 elevar seg klare til heimturen. Foto: Kjetil Rydland.

Denne snøfonna, rett bak toppen av Kidno, gjekk dei glipp av då dei gjekk ned til Botnavatnet.

Bak Kidno blømer stjernesildra. Foto: Kjetil Rydland.

Og her inne i Botne fekk Stord Fitjar Turlag på plass ny bru i går! Foto: Kjetil Rydland.