Skorpen og Matre får 70.000 i kompensasjon for arbeid på Smedholmen

Miljødirektoratet ønskjer å kompensere eldsjelane for kostnadar dei har hatt ved å føre opp kaien på Smedholmen.

Det er Stord Taksering AS som har laga ei takstrapport for kaien som er oppført på Smedholmen. Dei har kome til at kaien har ein teknisk verdi på 70.000 kroner.

Miljødirektoratet ønskjer difor å kompensere Einar Matre og Terje Skorpen for arbeidet dei har hatt med å føre opp kaien, og betale dei 70.000 kroner.

Trass i arbeidet slår rapporten fast at det står att ein del arbeid for å få kaien i brukbar stand grunna manglande vedlikehald. Fortøyningspålane er dårleg festa, det er svikt i dekke og kaien manglar stopplister rundt kaidekket mot sjø.

I fjor var det bestemt at Matre og Skorpen måtte flytta ut av Smedholmen, etter å ha drive leirskule der i rundt 30 år. Bakgrunnen for at Fitjar kommune avvikla leigeforholdet er at den kulturhistoriske eigedomen vart freda og at eigedommen ber preg av mangelfullt vedlikehald.

Miljødirektoratet har tidlegare løyvt 4 millionar til å pussa opp dei fire verneverdige bygningane som Staten eig på Smedholmen.

Fitjar kommune har sagt at dei vil setje ned ein plan for å for vidare drift av Smedholmen.