Reidun Ahrens Helland, med korianderplantene sine, ser fram til å opna det nye gartneriet sitt på laurdag. Foto: Kjetil Rydland. 

«Litlaolatunet» – nytt gartneri på Helland

Førstkomande laurdag opnar Reidun Ahrens Helland det nye gartneriet sitt «Litlaolatunet», der ho vil tilby lokalt produserte planter.

 

Litlaolatunet heiter det nye gartneriet til Reidun Ahrens Helland, oppkalla etter tippoldefar til Arnt Helland, mannen til Reidun. 

«Arveleg belasta»

Reidun Ahrens Helland er «arveleg belasta» når det gjeld hagestell; både mora og bestemora var viden kjende for fin hage. Spesielt Tines-Anno – Anna Skålevik – er det mange i Fitjar som hugsar godt. 

– Dei kjende helst baken min, seier Reidun etter bestemor si.

Då folk køyrde forbi hagen hennar, såg dei henne stort sett alltid bøygd over dei kjære plantene sine. I hagen står det framleis flotte rhododendronbuskar, men det er ikkje Reidun sin favoritt. 

Alt er økologisk og dyrka her!

Reidun selja heilt andre slags planter, som ho har sådd og avla fram sjølv; staudar, sommarblomar og urter som til dømes timian, kjørvel, koriander og salvie. Ho understrekar at ho ikkje har tenkt å marknadsføra planter som kjem med trailerar frå Holland og Danmark:

– Alt er dyrka her! seier ho med ettertrykk. 

Ho er klar over at det er ein del forureining i planteindustrien, på grunn av transport og mykje bruk av plast. Dette vil ho unngå ved å bruka potter som er laga av papir, og som blir til jord etter kvart. Gjødselen ho brukar er økolpgisk, og etter kvart vil ho få tak i økologisk mold også. Men ho liker molda frå Smartasmoget, og så er ho glad for at ho ikkje treng dra langt for å henta den. 

 

Det skal bli fint!

Framfor huset sitt har ho fått opp drivhus eit lite drivhus som allereie er fullt av tomatplanter, ulike urter, og blomkarse og andre blomar. Ho er spesielt glad i blomsterplanten «Prins Gustavs auge», seier ho: – Og så har eg ein son som heiter Gustav!

Ho får god hjelp av ektemannen, Arnt, som er snekker, og ikkje minst av svigerfar, Rolf Helland. Han er pensjonist og har god tid til å hjelpa. Før laurdagens opning skal dei få opp inngangsportal til «Litlaolatunet» gartneri, med pergola. – Det blir fint, meiner Reidun. 

Sjølv om alt ikkje er heilt ferdig enno, begynner det å bli fint i det vesle gartneriet hennar. Du kan lesa meir om det på heimesida https://litlaolatunet.com/ eller på Facebook-sida LitlaOla tunet hagegleder.

 

Lærar

Reidun er utdanna lærar, men arbeider berre deltid i skulen. No har ho lyst til å satsa på gartneriet i staden. Ho har førebudd seg godt, og teke utdanning som hagedesignar, korleis planleggja og teikna hagar. Ho har gjennomført eit omfattande engelsk nettstudium i Horticulture. 

Ho har allereie fått ei rekkje gode tilbakemeldingar frå folk som har tru på det ho er i gang med. Eit mål er å kunna tilby noko som du ikkje kan få alle andre stader. Derfor vil ho gjerne lytta til kva folk ønskjer. I tillegg til planter vil ho selja ein del pynteting. 

Det første året blir eit prøveår, men Reidun håpar at ho på sikt kan leva av gartneriet sitt. Og gjerne at det vil gi noko arbeid til ungane. 

 

Laurdag brakar det laust!

Når ho kjem i gang, reknar Reidun med å ha ope torsdag, fredag og laurdag, og då er folk velkomne for å finna seg kortreiste planter. Og førstkomande laurdag klokka 12 brakar det laus! Det vil bli enkel servering, blant anna salat og reddik, og så blir det aktivitetar for ungane, lovar gartnaren på Helland. 

 


Prins Gustavs auge og blomkarse. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Reidun Ahrens Helland med Prins Gustavs auge, i ei potte som er laga av papir. Foto: Kjetil Rydland.

 


Kryddertagetes med gul blomst og sølvkrans. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Her skal Reidun Ahrens Helland produsera planter av ulikt slag, ikkje nokon import her! Foto: Kjetil Rydland.