Åtteåringen Ola Fitjar Hjelle held lett unna for søstera Anna på ti år. Foto: Kjetil Rydland.

Rankingløp på Sæterbø i varmen 

Solreven klarer ikkje å ta alle o-løparane på øyo, og i kveld stilte 26 sprekingar opp på Sæterbø då Stord Orientering skipa til 6. rankingløp Sunnhordland.

 

Det var fire løyper å velja mellom; starten var rett sør for Staråsen, og målpassering på parkeringsplassen ved Orraskitekjeldo. Løpsansvarleg og løypeleggjar var Henrik Ottesen frå Stord. 


Løypeleggjar Henrik Ottesen med den lengste løypa, som gjekk heilt opp til Orrhaugane. Foto: Kjetil Rydland.

Det var størst deltaking i den lange løypa, med ni mann, men berre éin mann frå Fitjar IL, nemleg Rolf Atle Rolfsens. Ikkje uventa vann Kenneth Westerheim ein klar siger i den 3,6 km lange løypa, som gjekk forbi Kvednavatnet og helt opp til Orrhaugane. 

Dei andre deltakarane frå Fitjar IL heiter alle Fitjar eller Fitjar Hjelle. Mette Fitjar måtte sjå seg klart slegen av vinnaren Nina Hagerup i den 1,9 km lange løypa. Også dottera Mari Fitjar Hjelle blei for god denne gongen. 

I den korte nybyrjarløypa på 1,7 km vann Ola Fitjar Hjelle. Han var eitt sekund raskare enn Johannes Ådnanes, som sprang sitt aller første o-løp i dag. Som vanleg slo Ola søstera si, Anna, som er to år eldre.

– Han er raskare enn meg! vedgår Anna. 

Terrenget oppe på Sæterbø blir ikkje ofte brukt til orientering, med det hausta mange lovord av fleire løparar. Og ikkje klaga dei på varmen heller – termometeret viste rundt 25 grader i skuggen. Det var friskt og fint her oppe! fekk me opplyst.

Offisiell resultatliste for 6. rankingløp Sunnhordland, fordelt på ulike klassar og løyper, kan du lesa på Eventor

 


Atle Irgens ser til at dagens suverene vinnar, Kenneth Westerheim, kjem av garde. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Johannes og Nils Eirik Ådnanes. Førstnemnde er åtte år og sprang sitt aller første o-løp i ettermiddag. Foto: Kjetil Rydland.