Jentene jublar for 3-0-scoringa til Linnea Vestbøstad. Foto: Kjetil Rydland.

Storsiger for jentene i sommarvarmen

Jentelaget i 15-årsklassen spelte ein imponerande kamp i sommarvarmen og vann så klart som 4-0 over Smørås i kveld.

 

I staden for å vera heime og vatna plenane sine tok vel 50 Fitjar-supporterar turen til kunstgraset for å sjå jentene møta Smørås i seriekamp. Og det angra dei nok ikkje på. 

 


Eit lettkledd fitjarpublikum fekk mykje å gle seg over i sommarvarmen. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Fitjarjentene tok tidleg kontroll over gjestene sine og med «tre og eit halvt mål» av Linnea Vestbøstad hanka dei inn tre velfortente poeng. Mål nummer to av fire blei sett inn Romante Zemgulyte, etter at Linnea hadde skote i tverrliggjaren. 

Etter 2-0 ved pause såg det lenge ut til at det ikkje skulle bli fleire mål. Men mot slutten av kampen scora Linnea Vestbøstad to gonger. Og 4-0 seier vel det meste om styrkeforholdet mellom dei to laga.

Fitjarjentene viste med mykje fint pasningsspel, og god rørsle. Det var imponerande, ikkje minst med tanke på den trykkjande varmen. Me gratulerer med ein flott kamp.

Dei har vunne alle kampane sine så langt, og ligg på toppen av tabellen med 15. poeng. 

 


Linnea Vestbøstad kom seg fri gong på gong og gjorde livet vanskeleg for Smørås-forsvaret. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Fitjar – Smørås 4-0 (2-0)

Seriekamp Jenter 15 2. divisjon avd. 02

Fitjar idrettsplass, kunstgraset, tysdag 29. mai kl. 18.30

Dommar: Per Martin Furevik, Stord Fotball

Mål: 1-0 Linnea Vestbøstad, 2-0 Romante Zemgulyte, 3-0 Linnea Vestbøstad, 4-0 Linnea Vestbøstad

Fitjar sitt lag: Tuva Nysæther, Sofie Rimmereid, Anna Sandvik Bø, Tori Vestbøstad, Marion Træet (kaptein), Mia Volden, Siren Vik, Linnea Vestbøstad, Mathilde Kloster, Mari Hatlevik, Romante Zemgulyte, Leen Bader, Emilie Skram Isdahl, Live Bukkholm Stegane.