Kjekt med handball, synest desse Fitjar-jentene som kosar seg på Handballfestivalen på Stord i pinsehelga. Foto: Kjetil Rydland. 

Handballen treng trenarar!

Fitjar idrettslag har ei handballgruppe i utvikling, men dei treng fleire trenarar.

 

Dagleg leiar i Fitjar Idrettslag, Vidar Aarskog, fortel at handballen er i sterk vekst. 

– Handball kan by på mykje, både turneringar og kampar, seier han, og legg til at du får delta i eit sosialt miljø som gir god kontakt med både vaksne, ungdom og born. I handball er det mykje trivsel, hygge og ikkje minst spenning!

 
Men for å halda oppe og utvida den gode aktiviteten treng handballgruppa fleire trenarar. Spesielt er han oppteken av å få tak i ny trenar til damelaget.

 
Dei som er interesserte, eller har spørsmål, kan ta kontakt med handballeiar Liljan V. Waage på mobiltelefon 480 02 330 eller på e-post: liljanv.waage@gmail.com eller fitjar.idrettslag@gmail.com.

 
Vidar Aarskog minner om at trenarar må ha godkjent politiattest for trenarrolla. Dette vil bli ordna via idrettslaget.