Bakken ovanfor kyrkjegarden er nyslegen i dag. Foto: Kjetil Rydland. 

Slåtten i full gang!

I dag er slåtten i full gang i Fitjar; den tidlege sommaren gjer at det ikkje er nokon grunn til å venta.

 

I dag ser me at Odd Jarle Tislevoll har begynt slåtten, med å slå bakkane mellom kyrkjegarden og prestagarden.

Han er likevel ikkje heilt først i Fitjar i år, for på Hogste begynte dei allereie i går. Hos Lillian og Håkon Hovstad starta dei så smått opp nedanfor husa på Hogste. 

Men dei køyrde sundt – det er ikkje noko ukjent fenomen verken på Hogste eller andre stader – og i dag er Håkon i Haugesund etter nye delar. 

– Det er ikkje no du skal kjøpa delar, får me vita av ein røynd bonde i bygda, dei må du kjøpa om hausten!

For eigen del vil me leggja til at det ikkje er godt å vita kva som kjem til å gå sundt … 

Det kan sjå ut som om det ikkje er nokon grunn til å venta med å slå. Me som følgjer med på slikt, har sett at graset har begynt å skyta. Då veks det ikkje meir, og det er berre å starta innhaustinga.

Grunnen er sjølvsagt det tørre, varme vêret i det siste. Graset begynner å bli stressa: – Det tvangsskyt i panikk for at det ikkje skal få formeira seg før det tørkar i hel, som ein fitjarbonde uttrykker det.

«Mai kulde, gjør bondens lader fulde» heiter det. No har me hatt varmt, fint vêr lenge, og det skal bli spennade å sjå om siloane i Fijtar blir fulle likevel.

Torsdag startar Tore Sigurd Fitjar slåtten for fullt på Fitjargarden. Han reknar med bra avling der det er myr, men på sandbotn kan det bli litt dårlegare, er han redd.

28. mai er ikkje rekordtidleg start på slåtten, sjølv om det er ein liten månad tidlegare enn me tilårskomne voks opp med. Olav Rimmereid meiner dei starta 26. mai for nokre år sidan. 

 


Når timoteien har skote, er det ingen grunn til å venta med å slå. Foto: Kjetil Rydland.