Johannes Sandvik Bø på toppen av sigerspallen etter 600 meter i Haugesund. Foto: Privat.

Fleire fine resultat under Mailekene

Under søndagens øvingar i Mailkene på Haugesund Friidrettsstadion markerte Fitjar-ungommane seg igjen med fleire fine resultat.

 

Marius Pedersen fekk ein ny førsteplass då han kom i mål på 1.56,25 på 600 meter. Dette var åtte sek bak persen, men høgst godkjent i det varme vêret, meiner trenar Bård Inge Bø.

I dag debuterte den same Marius på 60 meter hekk med ein fin andreplass på tida 11,26. Her var han berre to tusendelar unna førsteplassen. 

 
Johannes Sandvik Bø (12) gjekk heilt til topps på sin 60 meter hekk med tida 11,21, medan Bjart Sandvik Bø (11) fekk ein fin 4.-plass på same distansen.

Marius Torbjørnsen heldt fram med å setja personlege rekordar. Denne gongen i lengdegropa, der han 4,95 m, eit resultat som gav 1.-plass.

 


Marius Torbjørnsen i aksjon i Haugesund. Foto: Privat.