Flott innsats på Sotra av f.v. Sebastian Koppang, Kristian Prestbø og Sarah Koppang. Foto: Privat.

Til topps i Sartor Open!

Flinke musikantar frå Fitjar Skulekorps gjorde det godt i Sartor Open i helga, og Kristian Prestbø gjekk heilt til topps i klassen sin.

 

Tre musikantar frå Fitjar Skulekorps gjorde det svært så bra under solistkonkurransen Sartor Open. Dei tre som stilte opp i laurdagens konkurranse i Fjell kulturhus på Straume, var søskenparet Sebastian og Sarah Koppang og Kristian Prestbø.

Dei to yngste stilte begge i klassen 9-11 år, sjølv om dei berre er sju og ni år gamle. Og dei hevda seg svært så bra. Sebastian kom heilt opp på 3.-plassen etter å ha spela Pravote (eit stykke fra Makedonia). Trumpet Tune (av Purcell) og dixielandlåten Indiana. Sarah spela Sarah Olsenbanden og Liten fuggel, og kom på 4.-plass i same klassen.

– Dette blei meir enn me hadde håpt på, seier dirigent i Fitjar Skulekorps, Svein Roger Koppang, som synest det er ekstra kjekt når dei treffer igjen andre musikantar som dei har møtt før. Såleis byggjer slike konkurransar vennskap på tvers av korps.

For 18-åringen Kristian Prestbø gjekk det endå betre. Han gjekk heilt til topps i klassen 16-19 år med stykket «La belle américaine» av John Hartman. Dette stykket har han øvd på tubaen sin i eit par månader. Det er vel unødvendig å seia at han var fornøgd med framføringa si på Sotra.

For tida går Kristian Kongshaug Musikkgymnas, der han er ferdig om eitt år. Han reknar med å driva med utøvande musikk på heiltid etter vidaregånde skule.

– Det er iallfall det eg vil no! seier han.

Han meiner han har gode sjansar til å koma inn på musikkutdanning når den tid kjem. Han er allereie teken ut på «Griegakademiets Unge Talenter», eit nasjonalt utviklingsprogram for talentfulle ungdommar i alderen 13–19 år. Kristian får høve til undervisning med lærar der, og 13 helgesamlinga med andre unge musikktalent.

Kristian Prestbø ser for seg ei framtid som utøvande musikar, til dømes i eit symfoniorkester. – Er eg god nok, så kjem eg inn, seier han optimistisk. I tillegg reknar han med å undervisa, som andre profesjonelle musikarar.