Jubel på Fitjar-benken når dei ser at skotet frå Nils Ingard Tislevoll går i mål. Foto: Jan Åge Tislevoll. 

Berga eitt poeng mot Loddefjord 2

A-laget berga eitt poeng etter scoringar av Kristian Træet og Nils Ingard Tislevoll i sluttminutta mot Loddefjord 2 på bortebane i dag. 

 

Kampen mellom toarlaget til Loddefjord i Bergen i dag begynte ikkje så altfor godt for Fitjar sine beste menn. Allereie etter sju minutt gjekk heimelaget opp til 1-0, på eit sjølvmål av Emil Fitjar. Fitjar kjempa godt i den steikjande varmen, men heimelaget gjekk til pause med 1-0-leiing. 

Midt i andre omgang auka Loddefjord leiinga til 2-0. Også dette var eit uheldig og unødvendig mål, meiner Fitjar-trenar Leif «Dikki» Steensohn. Loddefjord snappa ballen altfor enkelt på midten, og fekk gå lett gjennom og scora.

Med 0-2 og ein halv omgang igjen å spela såg det mørkt ut for poengfattige Fitjar. Men heldigvis hadde dei brukbart med reservar på sidelinja, slik at folk kunne byta på å spela i varmen. Etter kvart som solreven tok den eine etter den andre.

– Hadde me ikkje hatt bra med folk i dag, hadde me ikkje hatt ein sjanse, seier «Dikki», som synest det var sterkt av gutane hans å reisa seg på slutten og kapra det eine poenget.

Reduseringa til 1-2 kom ved Kristian Træet, som scora på eit kanonskot frå 20 meter etter ein retur. Då var det rundt fem minutt igjen av kampen, og eitt minutt på overtid utlikna Fitjar ved Nils Ingard Tislevoll. Han fekk ein retur på 16-meteren og sende ballen i ein fin boge opp i vinkelen. 

Dermed kunne Fitjar jubla for eit svært etterlengta bortepoeng. Med sine fem poeng ligg Fitjar framleis nest sist på tabellen i 5. divisjon

Neste kamp for A-laget er heime i Fitjar Idrettspark fredag 1. juni mot topplaget Smørås.

 

KAMPFAKTA

Loddefjord 2 – Fitjar 2-2 (1-0)

Seriekamp 5. divisjon av. 03
Alvøen kunstgress  søndag 27. mai kl. 14.00 
Dommar:  Kjell Gudvangen, IL Gneist

Mål: 1-0 (7. min.), 2-0 (65. min.), 2-1 Kristian Træet (86. min.), 2-2 Nils Ingard Tislevoll (91. min.) 

Fitjar sitt lag mot Loddefjord 2: Jacob Mehammer, Leif Tore Nesbø Aarland, Nils Ingard Værness Tislevoll, Emil Fitjar, Bernt Ove Maraas, Helge Myrmel Træet (k), Kristian Træet, Lars Fitjar Waage, Daniel Skarpnes, Rezwan Mahammad Kadir og Marius Helland Storebø.  Innbytarar med speletid: Sander H. Tverborgvik, Svein Arne Jordan Raunholm. Mats Vestvik, Jonas Yang Tislevoll.