Marius Torbjørnsen svingar seg over 1,61 m i Haugesund i dag. Foto: Bård Inge Bø. 

Fin friidrettsinnsats i Haugesund

Under første dag av Mailekene i Haugesund leverte dei unge utøvarane frå Fitjar fleire fine prestasjonar, blant anna to førsteplassar av Marius Pedersen, og flott pers i høgde av Marius Torbjørnsen

 

Som vanleg var det unge Marius Pedersen som gjorde det aller best, med to førsteplassar i ein talrik 11-årsklasse. Han gjekk heilt til topps både på 60 meter og i lengde.

I forsøket på 60 meter sprang han på 8,78, ein sterk, ny personleg rekord, som gir 1005 poeng etter Tyrving-tabellen. Tida er berre ein hundredel bak stemnerekorden, ein rekord som han hadde slege i finalen om han ikkje hadde snubla i starten, på grunn av ein feil frå startaren. Men han tok igjen feltet og vann likevel på 8,95. 4,36 meter i lengde, var også godt nok til ein klar siger. 

Marius Torbjørnsen (15), sette ny pers og vann tresteg med 10,78. I høgde svinga han seg over 1,61 m og inn på 7.-plassen på lista over dei beste høgdehopparane i Fitjar gjennom tidene. Nestemann til å bli passert, er Steinar Tveita, som ligg på 6.-plassen med 1,65 m frå 1964.

Johannes Sandvik Bø sprang inn til siger på 600 meter etter eit veldisponert løp i 12-årsklassen på tida 1.52. Han kjempa seg også til finalen på 60 meter, der han vart nummer fem med tida 9,23. I forsøket fekk han 9,20. 

Eirik Torbjørnsen hadde same løpsopplegg og vart så vidt slegen på målstreken i 13-årsklassen. 2.-plass og solid pers med 1.49 er likevel meir enn godkjent. Det same var 4,22 i lengde, som gav Eirik ein flott 3.-plass.

Anna Sandvik Bø (14) sette årsbeste i høgde med 1,35, noko som gav 5.-plass. På 800 meter fekk ho 4.-plassen på tida 2.42,85.

Tori Torbjørnsen (9)var Fitjar sin deltakar i rekruttklassen, og gjorde ein fin figur i lengde og liten ball!

Søndag er det fleire øvingar på Haugesund Friidrettsstadion, og vonleg kan me melda om fleire gode prestasjonar i morgon kveld.

Sjå artikkelen Fleire fine resultat under Mailekene

 


Tori Torbjørnsen på Haugesund Friidrettsstadion i dag. Foto: Privat.