Her blir det lysregulering framover, til arbeidet med straumkabelen frå bedehuset til Rimbareid er ferdig. Foto: Kjetil Rydland.

Legg ny straumkabel

I desse dagar legg Fitjar Kraftlag ned ny straumkabel mellom Fitjar bedehus og kvegundergangen på Rimbareid, og dette arbeidet er venta å vera ferdig til sommarferien.

 

Hans Christian Helland ved Fitjar Kraftlag opplyser at dei forsterkar straumnettet sitt på grunn av den store utbygginga til Sjøtroll ved Hellandssjøen. Frå entreprenøren K. Volden har han fått opplyst at dei vonar å vera ferdige med strekninga bedehuset–Rimbareid til ferien.

Samstundes nyttar Fitjar kommune høvet til å leggja ned vatn og kloakk i den same grøfta. Nils Inge Rimbareid fortel at dei i tillegg skal leggja nye røyr langs Skrammavegen opp til Kongsbrunnen.

I løpet av året skal Fitjar Kraftlag òg leggja ny straumkabel frå Årskog til bedehuset. Dette arbeidet er venta ferdig innan november, opplyser Hans Christian Helland.