I dag hadde denne stakkars hoggormen kome fram i sola og mist livet. Foto: Kjetil Rydland.

Ikkje drep hoggormen!

I ettermiddag låg ein død hoggorm på traktorvegen frå Dalshaugane opp mot Tveitakleivo, og det var tydeleg at han hadde blitt avliva.

 

Me har nemnt det før, og gjer det igjen: Hoggormen er freda!

Den stakkars ormen låg på traktorvegen eit lite stykke før me nådde Tveitakleiv, og flugene hadde kasta seg over han.

 
Lensmannen i Stord, Roald Raunholm, minner om at dette at dette er miljøkriminalitet som kan straffast med bot.

 
Før var det vanleg å gå til angrep straks me såg ein hoggorm, men det er ikkje berre gammaldags, det er direkte straffbart.

 
Me oppmodar igjen turgåarar og andre om å la hoggormen vera i fred. 

 
Om du er veldig redd hoggorm, foreslår me at du les denne artikkelen på Illustrert Vitenskap: Så farlig er huggormen.