Fríðleif Lydersen vil bli sokneprest i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

Både Drønen og Lydersen på søkjarlista

Då søknadsfristen gjekk ut denne veka, var både fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen og tidlegare Fitjar-prest Roald Drønen på lista over søkjarar til vikariatet som sokneprest i Fitjar.

 

Som kjent blei det ledig eit tre års vikariat som sokneprest i Fitjar då Olav Johannes Oma for kort tid sidan begynte i ei liknande stilling i Stord.

Då søknadsfristen for vikariatet gjekk ut 22. mai, var det tre søkjarar på det ledige vikariatet i Fitjar. To av desse er godt kjende for kyrkjelyden; Roald Drønen har vore prest i Fitjar i mange år, medan Fríðleif Lydersen er fungerande sokneprest i dag. 

Kyrkjeverje Harald Rydland minner om at me må venta til 15. juni før Bjørgvin bispedømeråd føretek tilsetjing. 

Heile søkjarliste kan me lesa på heimesida til Bjørgvin bispedømeråd.

Vikariat som sokneprest i Sunnhordland prosti med Fitjar sokn som tenestestad:

Jarþrúður Árnadóttir, (29), K, Ungdomsleiar, Island

Roald Drønen, (64), M, Sokneprest, Bømlo

Fríðleif Lydersen (41), M, Fungerande sokneprest i Fitjar