Innfører totalforbod mot open eld

Illustrasjonsfoto: Pixabay

Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Grunna den langvarige perioden med tørke innfører Fitjar kommune totalforbod mot bålbrenning og bruk av open eld.

Dette skriv Stord brann og redning på Facebook-sida si onsdag, etter den langvarige perioden som har vore utan nedbør.

– Det er òg gått ut varsel frå meteorologisk institutt om svært stor skogbrannfare på Vestlandet, og det er heller ikkje meldt om nedbør å nær framtid, skriv kommunen.,

Brannvesenet i Stord kommune innført eit tilsvarandeforbod i går.

Fitjar kommune minnar også om generelt lovforbod mot å gjere opp eld i, eller i nærleiken av skog og anna utmark i tida frå 15. april til 15. september.