Ordførar Wenche Tislevoll med tommelen opp for folkeauken første kvartal i år. Foto: Kjetil Rydland.

Flagget til topps for folkeauke!

Ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at Fitjar kommune har kome opp i eit folketal på 3202, noko som fekk ordførar Wenche Tislevoll å heisa flagget i dag.

 

Den nyaste statistikken frå SSB syner at folketalet i Fitjar steig med åtte (8) personar i første kvartal 2018. Dermed er me komne opp i 3202 fitjarbuar. Auken skuldast eit fødselsoverskot på fire (4) personar og ei netto innflytting på fire (4) personar. 


Misser småkommunetilskotet

Med dagens innbyggjartal har me altså runda det «magiske» talet 3200, som gjer at Fitjar kommune misser småkommunetilskotet på 2 772 000 kr per år. På grunn av INGAR kjem inntekstnedgangen først i 2021 og 2012, fortel ordførar Wenche Tislevoll. 

Ho understrekar at ho ynskjer alle nye innbyggjarar velkomne. I løpet av eit år flyttar det gjerne rundt 100 inn eller ut av kommunen.

– Men me håpar at fleire flyttar inn enn ut, smiler Fitjar-ordføraren, og me prøver å ta godt vare på alle nye innbyggjarar!

Til dømes får alle nye fitjarbuar ein innbyggjarpakke med kinobillettar, prøveabonnement på «Sunnhordland», billett til Fitjar treningssenter og ymse info, blant anna jubileumsboka om Fitjar kommune frå 2010. 

 

– Me vil ikkje ha stagnasjon!

Wenche Tislevoll synest ikkje det er noko å trakta etter å halda seg under 3200 innbyggjarar.

– Me vil ikkje ha stagnasjon og tilbakegang, så i dag har me heist flagget for å feira at me er ein kommune i vekst, smiler ordføraren. 

Ho legg til at ferske tal frå økonomisjefen syner at det går an å kompensera for det tapte småkommunetilskotet:

– I 2018 får me 59 890 kr per innbyggjar i skatt og rammetilskot. Det tyder at me treng 47 nye innbyggjarar for å erstatta småkommunetilskotet som me er i ferd med å missa, seier økonomisjefen i Fitjar, Trond Salmo.

 

Positiv utvikling i Sunnhordland

Av sunnhhordlandskommunane er det berre Tysnes som har nedgang i folketalet (–1) i årets første kvartal.

Bømlo: 11 920 innbyggjarar (+18)

Kvinnherad: 13 195 innbyggjarar (+15)

Sveio: 5 741 innbyggjarar (+20)

Tysnes: 2 856 innbyggjarar (-1)

Austevoll: 5 189 (0)

Totalt i Hordaland: 523.255 (+716)

 


Folkevekst er eit godt høve til å heisa flagget, synest ordførar Wenche Tislevoll. Foto: Kjetil Rydland.