Nærmare 150 menneske samla seg etter kvart i skråninga nord for Kidnavatnet før Fridleif Lydersen sette i gang gudstenesta. Foto: Kjetil Rydland. 

Godvêr og mykje folk på friluftsgudstenesta

Over 150 soknebarn i alle aldrar var med på friluftsgudstenesta ved Kidnavatnet andre pinstidag.

 

Pinstivêret kunne knapt ha vore betre då kyrkjelyden samlast til friluftsgudsteneste i skråninga ovanfor gapahuken ved Kidnavatnet i går. Vel 150 soknebarn var på plass i den milde brisen for å følgja opp den gode tradisjonen, som Stord-Fitjar Turlag og Fitjar kyrkje har samarbeidd om i ein del år. 

Dei som ikkje såg seg syn med å gå til fots heilt opp til Kidnavatnet, fekk skyss med kyrkjeverje Harald Rydland og andre frivillige. Som vanleg var alle generasjonar godt representerte, med soknebarn frå under eitt år til over 90.

Gudstenesta vart leia av fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen, medan Olav J. Oma hadde teke plass oppe i lyngen saman med familien. Lydersen måtte greia seg utan klokkar, men Sindre Aarbø hjelpte til med å ringja i den medbrakte «kyrkjeklokka». Og kyrkjeverje Harald Rydland akkompagnerte salmesongen med trekkspelet sitt 

Kyrkjelyden runda av samværet ved gapahuken med kyrkjekaffi og litt heimebakst før turen gjekk heimover eller vidare til fjells. Turleiar Ellen Vestbøstad tok med seg ein flokk over Beinatjønnsvarden, medan enkelte andre fann andre turmål i fjellet før dei vende heim. 

På oppmoding frå kulturprisvinnar Toralv Røen, tok turgåarane med seg kvar sin stolpe oppover. Dei skal brukast til å montera dei nye turskilta i  fjellet. Den ivrige friluftsmannen frå Dåfjorden er særs nøgd med at alle var med og sørgde for at stolpane kom på plass.  

– Me kan vel kalla dette gudsteneste med stolpabering, meiner Toralv Røen.

 


Kyrkjeverje Harald Rydland og prest Fríðleif Lydersen lyttar medan Sindre Aarbø ringjer i klokka. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Fríðleif Lydersen les dagens tekst for kyrkjelyden. Foto: Kjetil Rydland.