Terna går inn for landing. Foto: Kjetil Rydland. 

Litt fleire terner i år?

I mai set makrellternene sitt preg på fuglelivet i Havn med sin karakteristiske vellyd, og det kan sjå ut som om dei er litt fleire i år.

Midt i mai i fjor skreiv me på Fitjarposten artikkelen Terneungar i år og? etter å ha sett paringsakta til eit ternepar.

Fuglekjennar og naturfotograf Jan Rabben frå Stord var ikkje like optimistisk, og helte litt kaldt vatn i blodet på oss. Han tvilte på om eitt einsleg par hadde sjanse til å lukkast.

Om det er dei same to ternene, og om det er avkommet deira, som har vore i Havn sidan byrjinga av mai, veit me ikkje. Men det har vore ein heil liten koloni med makrellterner i Havn i det siste.

Uoffisielle rapportar frå andre stader i Fitjar går ut på at det er fleire terner i år enn i fjor. Me torer ikkje slå fast at dette er meir enn ønskjetenking, men kryssar fingrane for at ternene skal klara seg. Dei er så absolutt med på å skapa den rette sommarstemninga.

Ein liten tur for å fanga eit bytte? Foto: Kjetil Rydland. 

Her kjem eg! Foto: Kjetil Rydland.

Og tilbake igjen til skjeret. Foto: Kjetil Rydland. 

Og her sit ei terne som har fått fisk. Foto: Kjetil Rydland.