Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland.

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

 

I mange år har det blitt skipa til friluftsgudsteneste 2. pinsedag. Den er eit samarbeid mellom kyrkja og turlaget. I år blir friluftsgudsteneste ved gapahauken oppom Kidnavatnet kl. 12.00.

– I avisa Sunnhordland står det kl. 11.00, men det er feil; det skal vera kl.12.00. Det er ikkje avisa sin feil, for dei fekk oppgitt tidspunktet kl. 11.00 av meg, seier fungerande sokneprest, Fríðleif Lydersen.

Så hugs at gudstenesta er kl. 12.00!

Det blir skyss frå Olstjødno kl. 11.30 for dei som ikkje kan gå opp. Og dersom du treng skyss heimanfrå til Olstjødno, kan du ta kontakt med Per Drønen, tlf. 952 77 206.

Stord FitjarTurlag arrangerer tur i nærområdet etter gudstenesta, heiter det til slutt i pressemeldinga.