Geir Raunholm smiler lurt under quizen på Hageberg på 17. mai. Foto: Kjetil Rydland.

Tradisjonell 17. mai på Hageberg

Mellom 30 og 40 strandarar møttest til leik og song på Hageberg skule i går ettermiddag. 

 

– Målet er at me blir minst 30 i år òg, sa John Karsten Raunholm på førehand.

Og me kan slå fast at det blei 100 % måloppnåing. Godt over 30 strandarar var på plass på Hageberg skule då me kom innom. Både tilreisande, heilt lokale og utflytta strandarar nytta høvet til ein drøs i fred og ro. 

På skuleplassen var store og små i full gang med dei vanlege leikane, hesteskokasting, å kasta posar på tomme hermetikkboksar og å banka spiker av all kraft inn i ein tjukk planke. Og konkurransan såg ut til å vera hard i år òg. 

Inne fekk me som vanleg høve til å tippa vekt på ein pose sand og antal drops i eit glas, og i kjellaren var det pilkast. I kafeen serverte Strand Vel nydelege kaker, kaffi, brus, is, pølser og alt som elles høyrer til på ein 17. mai. 

Vinnarane av alle konkurransane fekk enkle premiar. 

Eit høgdepunkt i programmet var ein quiz som konfirmant Liv Hanna Raunholm stod for. Det viste seg at mange av oss ikkje kunne soga om 17. mai heilt til fingerspissane. To lag delte sigeren, og måtte dela på sigerspremien, utan at det la nokon dempar på stemninga. 

Strandarane har framleis det gamle heftet med høvelege songar til 17. mai, og møtelyden song av hjartans lyst. I år òg. 

 


Geir Raunholm drar ut spikeren og gjer klar til nestemann som vil prøva seg. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Konfirmant Liv Hanna Raunholm vann klassen sin i dart. Foto: Kjetil Rydland.