Osternes Mannskor song «Når fjordene blåner» i Fitjar kyrkje i dag. Foto: Kjetil Rydland. 

Tradisjonell og stemningsfull gudsteneste

Osternes Mannskor skapte den rette stemninga i kyrkja i år òg, då dei endå ein gong song «Når fjordene blåner»

 

Den tradisjonelle gudstenesta i Fitjar kyrkje inneheldt det me ventar på 17. mai. Kyrkjelyden song «No livnar det i lundar», «Gud signe vårt dyre fedreland» og «Ja vi elsker». Osternes Mannskor song «Himlen blåner for vårt øye» og «Når fjordene blåner».

Då kan me vel ikkje venta eller krevja meir stemning? Kanskje ikkje, men jammen fekk me det. For Fitjar Skulekorps stilte opp i kyrkja med særs vakker musikk. Som vanleg gjorde dei ein strålande figur; det er utruleg kor fyldig og flott det let for tida.

 
Fríðleif Lydersen heldt ein humørfylt, men tankevekkjande tale over temaet «Gje keisaren det som høyrer keisaren til, og gje Gud det som høyrer Gud til».

Tradisjonen tru blei det kransenedlegging rett etter gudstenesta. Denne gongen trekte ordførar Wenche Tislevoll fram krigsinnsatsen til Georg og Leif Gjøsæter, begge brør av Alf Gjøsæter, som har vore lærar, skulesjef og ordførar i Fitjar. 

 
Ho fortalte den spanande soga om då Mons Klubben losa eit engelsk krigsskip inn til Hisøy for å henta ei gran som skulle bli julegran i London i 1943! Ho mintest med takksemd dei som gjorde teneste og fall i andre verdskrigen, før ho la ned krans ved støtta over dei falne.

 


Osternes Mannskor er ein viktig tradisjonsberar som sikrar 17. mai-stemninga i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

 


Fitjar skulekorps gjorde ein flott innsats i kyrkja òg. Foto: Kjetil Rydland.  

 


Fríðleif Lydersen talar i kyrkja på 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Gamle kjenningar på kyrkjebakken, Olav J. Oma har fri frå kyrkja på Stord på 17. mai, og smiler om kapp med Lilli-Ann Drønen. Foto: Kjetil Rydland.