Barnetoget med ordførar Wenche Tislevoll og flaggberar Svein Olav Raunholm i spissen. Foto: Kjetil Rydland. 

Barnetog i fint bunadsvêr

Den bitande nordavinden hadde roa seg litt sidan i går, og det fine bunadsvêret gav oss ein 17. mai av beste merke. 

 

Ein kjølig bris frå nord la ingen dempar på 17. mai i Fitjar, som blei ei verdig markering for velkledde fitjarbuar i strålande humør. Og folk gjekk mann av huse i sin finaste stas for å vera med i barnetoget, eller stå og sjå på. 

 

Som vanleg starta barnetoget frå Tinghusplassen, der Ole Bergesen hadde ansvaret for å organisera troppane. Før avgang heldt Amalie Helland Tislevoll appell frå tinghustrappa. Ho mana oss til å ta vare på kvarandre, naturen og fridommen vår. Ein flott appell!

 
Som vanleg gjekk ordførar Wenche Tislevoll i fremste rekkje, denne gongen saman med den røynde flaggberaren Svein Olav Raunholm. Og som alltid sørgde Fitjar Skulekorps for å setja oss i den rette stemninga med sine velklingande tonar. Tradisjonen tru følgde barnehagane og skulane hakk i hæl på flaggborga. 

 
Som alltid tok toget turen bortom Fitjar bu- og  behandlingssenter og Havnahuset. Ordføraren tok seg tid til å helsa på folk ved institusjonane, og stoppa opp og spela fleire nummer for bebuarane.

Me lar bileta tal for seg; her kjem ein liten bildekavalkade frå barnetoget. 

 


Fitjar skulekorps sørgjer for stemning i barnetoget. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Salomon Aarbø filma barnetoget i år òg. Foto: Kjetil Rydland. 


Glimt frå barnetoget. Foto: Kjetil Rydland.


Glimt frå barnetoget. Foto: Kjetil Rydland. 


Glimt frå barnetoget. Foto: Kjetil Rydland.

 


Fitjar bu- og behandlingssenter. Foto: Kjetil Rydland.

 


Rune Aarbø, flaggberar for Øvrebygda skule. Foto: Kjetil Rydland.

 


Mads Mikal Skumsnes, Ole R. Rørvik og resten av skulekorpset spelar utanfor Havnahuset. Foto: Kjetil Rydland.

 


Jacob Mehammer, travel og stødig musikant. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Arne Mork og Yvonne Kongestøl nyt godvêret. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Og dette må då vera Magne Kydland frå «Sunnhordland», som har teke turen til Fitjar for å snakka med russen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Eli Simonsen og Ole Træet. Foto: Kjetil Rydland.

 


Nora Helland i sin finaste stas. Foto: Kjetil Rydland.