Dei nye vindusfabrikk-eigarane vil støtte eldsjelar i Fitjar-samfunnet
Harmonie, som nyleg har teke over trevarefabrikken på Sjoarreset, vil støtte eldsjelar og organisasjonar i Fitjar.
«Harmonie Hjertesak» vart oppretta i 2017 på hovudkontoret til selskapet i Stokke i Vestfold. Bakgrunnen er at bedrifta, som mange andre bedrifter, jamnleg vert kontakta av lag og organisasjonar som ber om ein liten donasjon til deira hjartesak.
– Harmonie Hjertesak blir ein viktig arena for oss der me kan utrette ein liten forskjell, og vere med å setje fokus på svært viktige saker i vårt samfunn, seier marknadskoordinator Ellen Harbo.
Over 70 søknadar kom første gong Hamonie gjennomførte Hjertesak-utdelinga.
– Prosjektet gjekk ut på å støtte ein frivillig eldsjel i vårt lokalmiljø, og for ein respons me fekk! Me blei rørt av å lese om innsatsen, timane, nærleiken og varmen i fylket vårt.
No vil dei vidareføre året Hertesak til også å gjelde Fitjar-samfunnet.
– Harmonie ønskjer også å bidra til organisasjonar og eldsjelar i Fitjar. Me er takksame for å ha høve til å sysselsetje så mange menneske på fabrikken på Fitjar og ønskjer å engasjere oss i lokalsamfunnet, seier Harbo.
Det var i fjor at den tradisjonsrike trevarefabrikken Mestervindu blei kjøpt opp av Harmonie Norge. Frå og med i førre veke blei blei fabrikken profilert med nye skilt.
Søknadar kan sendast til hjertesak@harmonie.no, og fristen er 31. mai.