Frå eit liknande arrangement i Breiavikjo for eit par år sidan. Foto: Fitjar sokn. 

«Båten» – trusopplæring for 4. og 5. klasse

Siste laurdagen i mai inviterer Fitjar kyrkjelyd til eit trusopplæringsprogram i Breiavikjo for barn i 4. og 5. klasse.

 

Kyrkjelyden skal ha eit trusopplæringsarrangement i Breiavikjo laurdag 26.mai, melder Elisabeth Søndenå Oma på kyrkjekontoret.

Båten – samling for 4.- og 5.-klassingar

Laurdag 26. mai 2018 blir 4.- og 5.-klassingane i Fitjar invitert til samling i Breiavikjo

Fitjar kyrkjelyd inviterer denne laurdagen dei som går i 4. og 5. klasse til å vera med på samling i Breiavikjo. Det vert ein dag med mykje aktivitet og god mat.

– Me skal halda på frå kl.10 til kl.14. Det vert aktivitetar både på land og i båt. Det vert blant anna hinderløype, kanopadling, fisking, og steiking av pinnebrød, heiter det i pressemeldinga.

I løpet av dagen skal barna få bli betre kjent med kven Jesus er gjennom bibelforteljingar, songar og andakt. Alle barn som går i 4. eller 5. klasse er hjarteleg velkomne.

Kontaktperson og påmelding (innan onsdag 16. mai): Hovudleiar for Båten-samlinga er Astrid K. Prestbø, mobiltelefon: 976 25 833, e-post: astridpr@haugnett.no

 


Frå eit liknande arrangement i Breiavikjo for eit par år sidan. Foto: Fitjar sokn.